Fjerdingby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°55′20.172″N 11°4′20.543″E Fjerdingby er eit tettbygd område som er kommunesenteret i Rælingen kommuneRomerike i Akershus. Her ligg mellom anna Rælingen rådhus og eit stort idrettsanlegg, Marikollen idrettspark, med Marikollen skisenter for hopp og alpin skisport, og med fotballbanar som òg vert kalla Rælingen stadion. Marikollen ungdomsskole ligg rett i nærleiken av idrettsparken.