Fjernsynskanal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein TV- eller fjernsynskanal er ein radiokanal som vert nytta for å senda videosignal (fjernsyn). Omgrepet kanal synte opphavleg til eit avgrensa frekvensområder som var avsett for eit bestemt radiosignal, som i samband med fjernsyn er signalet som overfører eit fjernsynsprogram.

Kvar einskild sending er tildelt eit slikt frekvensområdet av myndigheitene og kringkastarane er ansvarleg for å avgrensa signalet som vert overført til det tildelte frekvensområdet, slik at dei ikkje forstyrrar radiosignala som overfører andre kanalar. På grunn av at radiolyttarane of fjernsynssjåarane vende seg til at dei ulike kringkarane alltid sendte i same frekvensområder (kanal) tok ein etter kvart òg til å nytta omgrepet kanal om dei ulike kringkastarane. Då same kringkastar etter kvart vart tildelte fleire kanalar vart omgrepet forbunde med ein bestemt programprofil, som òg vert kalla programpakke.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]