Det russiske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Flagget til Russland)
Det russiske flagget

Det russiske flagget er ein trikolor med like breie, horisontale felt i kvitt, blått og raudt. Det var offisielt vedteke som statsflagg for Russland i 1991. Flagget har tidlegare vore brukt som koffardiflagg i det russiske keisardømet (1699–1918) og som sivilflagg til lands (1883–1914).

Under perioden 1858–1883 brukte Russland, etter inspirasjon frå austerriksk flaggbruk, eit flagg med fargar frå det dåverande keisarlege våpenet, som hadde ei svart ørn i felt av gull. I moderne tid har dette flagget vore brukt av russiske nasjonalistar.

Som unionsrepublikk i Sovjetunionen hadde Russland frå tidleg i 1950-åra eit flagg som bygde på det sovjetiske flagget – raud duk med gyllen hammar, sigd og stjerne – og med ei vertikal blå stripe inne ved stanga.

Det russiske orlogsflagget er kvitt med blå andreaskross.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Russland – flagg og våpen» i Store norske leksikon, snl.no.