Det belgiske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det belgiske flagget i tilhøvet 13:15
Belgisk handelsflagg i tilhøvet 2:3

Det belgiske flagget har tre like breie, vertikale felt i svart, gult og raudt rekna frå stonga. Denne trikoloren vart allereie brukt i oppstanden 1789 og vart gjort til offisielt flagg 1831. Fargane er henta frå våpenet til hertugdømmet Brabant. Nasjonalflagget, slik det vert brukt på land, har storleikstilhøvet 13:15. Det er ukjent kva opphavet til det sjeldsynte storleikstilhøvet er, som så og seie er kvadratisk. Flagg i storleikstilhøvet 2:3 er vanlegast i bruk. Det belgiske handelsflagget har dei same fargane som nasjonalflagget, men i eit storleikstilhøve meir etter regelen, 2:3.

Orlogsflagget skil seg heilt frå nasjonal– og handelsflagget. Det er sett saman av ein kvit duk med dei belgiske fargane disponert som ein andreaskross, som i Belgisk samanheng er meir kjent som Burgund-krossen og stammar frå då Belgia høyrte til under hertugane av Burgund. I den øvre trekanten er det plassert krosslagte kanonar med ei krone over, alt i svart. I den nedre trekanten finst eit svart anker. Den kvite duken symboliserer at marinen til Belgia etter den andre verdskrigen vart danna av skip som høyrde til den britiske marinen. Orlogsflagget vart ført inn 23. februar 1950 og vart heist fyrst 2. mars same år. Orlogsflagget er i storleikstilhøvet 2:3.

Den belgiske marinen fører ei kvadratisk utgåve av nasjonalflagget som orlogsgjøs. Belgia har eit eiget flagg for statsskip. Dette statsflagget er som handelsflagget, men med ei løve med kongekrone over lagt til, det heile i svart.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

«Belgia – flagg og våpen» i Store norske leksikon, snl.no.