Det polske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Det polske flagget
Det polske flagget i bruk.

Det polske flagget blei teke i bruk som nasjonalflagg for Polen den 1. august 1919. Det består av to like store horisontale felt, eit kvitt øvst og eit raudt nedst. Raudt og kvitt har vore nytta som polske fargar sidan 1200-talet, og blei offisielt rekna som nasjonalfargar i 1831. Det novarande flagget blei innført i samband med at Polen fekk sjølvstende i 1918, men hadde vore nytta i opprør allereie på 1830-talet.

Under den kommunistiske perioden mellan 1945 og 1989 nytta ein det same flagget som i dag, men då med den offisielle tolkinga av den raude fargen som eit symbol på sosialismen. Ei ny demokratisk regjering bekrefta flagget som nasjonalsymbol i 1992.

Polen har også eit anna flagg som blir nytta som stats- og handelsflagg. Dette flagget likner det vanlege polskeflagget, men har i tillegg det polske riksvåpenet i det kvite feltet. Orlogsflagget liknar statsflagget, men er i tillegg totunga.

Design[endre | endre wikiteksten]

Fargar[endre | endre wikiteksten]

Farge x y Y ΔE
  Kvit 0.315 0.320 82.0 4.0
  Raud 0.570 0.305 16.0 8.0
Illuminant C, målegeometri d/0

Maritime flagg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Allt om världens flaggor, Bonnier Impact, Stockholm 2007, s. 119. ISBN 91-85605-09-3.