Flavour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flavour (engelsk for smak, vert sjeldan omsett til norsk i denne samanhengen) er ein eigenskap som skildrar kvarkane som byggjer opp baryon, som proton og nøytron, og meson.

Flavour kan sjåast på som ei skildring av kva type kvark det er snakk om, sidan dei seks kvarktypane, u, d, s, c, b og t er berarar av kvar sin smak. Dei lettaste kvarktypane u og d er berarar av «isospinn opp» og «isospinn ned» og byggjer opp vanleg stabil materie, det vil sei atomkjernar som består av proton og nøytron. Dei fire andre kvarktypane s, c, b, og t byggjer opp ustabil materie med typiske levetid på 10–6–10–12 sekund for s, c og b. Toppkvarken, t, er så ustabil at han neppe rekkjer å danne baryon eller meson før han desintegrerer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]