Flygelhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flygelhorn

Klassifiseringsaxhorn
Hornbostel-Sachs klassifisering423.232
Flygelhorn med tre ventilar

Flygelhorn er eit messingblåseinstrument som minnar om ein kornett og trompet, men har ein breiare, kjegleforma bor og munnstykke forma som ei skål/kopp, noko som gir ein mjukare lyd. Flygelhornet har vanlegvis tre ventilar, men nokre har òg fire ventilar. Ein del kjelder har feilaktig hevda at det er ein medlem av saksofonfamilien utvikla av Adolphe Sax (som utvikla saksofonen).[1] Andre historikarar meiner at det blei utvikla frå bygelhornet, utforma av Michael Saurle i München i 1832, som gjer det eldre enn arbeidet til Adolphe Sax.[2]

Rolle i brassband[endre | endre wikiteksten]

I eit brassband er lyden av flygelhornet ofte skjult av lyden frå kornettane. Flygelhornet er òg ofte brukt for å mjuka opp tonen til kornettane, og kan òg gje støtte til hornavdelinga i brassbandet. Kontrasten mellom den mjuke tonen frå flygelhornet og den lyse tonen frå kornetten, gjer at flygelhornet ofte blir brukt som soloinstrument i brassband.

Jazzinstrument[endre | endre wikiteksten]

Flygelhornet har vanlegvis tre ventilar, men nokre har òg fire ventilar. Bildet viser jazzmusikaren Claudio Roditi med instrumentet.
Foto: 2010

Flygelhorn er mykje brukt i jazzsamanheng, spesielt på balladar grunna den mjuke klangen sin. Då legg ofte trompetisten vekk trompeten sin og tar opp eit flyghelhorn. Ein av dei fremste eksponentane til flygelhornet er den amerikanske jazzmusikaren Art Farmer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Perkins, Alan David: «The History of the Flugelhorn». AlsMiddleBrassPages.com.
  2. «History of the flugelhorn». RickCarlson.com. Arkivert fra originalen den 8. februar 2007

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Dudgeon, Ralph T.; Streitwieser, Franz X. (2004): The Fluegelhorn (på engelsk og tysk) (Bochinsky red.). Bergkirchen. ISBN 3-932275-83-7.
  • Sadie, Stanley; Tyrrell, John, red. (2001): «Flugelhorn» i: The New Grove Dictionary of Music and Musicians, 2. utg., London.
  • Kernfeld, Barry, red. (2002): «Flugelhorn» i: The New Grove Dictionary of Jazz, 2. utg., London.
Nettstader