Flåvær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flåvær
stad
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Herøy
Postnummer 6076 MOLTUSTRANDA[1]
Gardnummer 64
Kart
Flåvær
62°18′47″N 5°36′06″E / 62.3131°N 5.6016°E / 62.3131; 5.6016

Flåvær er ei lita gruppe med holmar på Herøyfjorden i Møre og Romsdal i Herøy kommuneSunnmøre, og omfattar holmen Flåvær, Husholmen, Torvholmen og Varholmen.

Kart over Flåvær.
Teikning: Frode Inge Helland

I dag er Flåvær fråflytta, men det ein kan ha ferie og konferansar på Torvholmen.

I 1981 var totalt 14 innbyggjarar på dei fire holmane. Tidlegare var det stor aktivitet på Flåvær grunna den sentrale posisjonen i Herøyfjorden. Flåvær fungerte som fiskevær og kjøpmannsstad. Frå 1873 til 1976 var der postkontor, og frå 1929 til 1961 og frå 1981 til 1984, skule. Her finn ein òg Flåvær fyr som vart oppført i 1870.

Flåvær postkontor[endre | endre wikiteksten]

Postkontoret heldt til i ei sjøbu på holmen Flåvær. Det opna i 1873 og vart lagt ned i juli 1976. Postnummeret og namnet på postkontoret var 6078 Flåvær.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. posten.no
  2. Harald Thorseth: «Tida går...» i Vestlandsnytt 27. mai 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]