Folkekirken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rinkenæs kyrkje. Dannebrog er heist under gudstenesta.

Folkekirken er den danske statskyrkja og det største kyrkjesamfunnet i Danmark. Kyrkja byggjer på den evangelisk-lutherske læra som blei innført ved reformasjonen i 1536. Sidan 2010 har kyrkja vore med i Porvoo-fellesskapen saman med andre lutherske og anglikanske kyrkjer.

Tilhøvet til staten er nedfelt i den danske grunnloven, der det står at «Den evangelisk-lutherske kirke er den danske folkekirke og understøttes som sådan af staten.» Kyrkja er underlagt Kirkeministeriet i Danmark med kyrkjeministeren som øvste leiar.

Folkekirken er delt inn i 10 stift i Danmark og 1 på Grønland som kvart er leidd av ein biskop. Desse er igjen inndelt i til saman 107 prosti og vidare i sokn, som blir styrte av valde sokneråd. I 2011 hadde Folkekirken 2 123 sokn og 2 354 kyrkjer. 1. januar 2023 hadde kyrkja 4 276 271 medlemmer, noko som tilsvarer 72,1 % av innbyggjarane i Danmark.[1]

Folkekirken fungerer òg som eit folkeregister. Ho registrerer fødslar, dødsfall, namneendringar og liknande i heile landet, bortsett frå i Sønderjylland, der kommunane gjer dette.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Medlemmer», Folkekirken.dk (på dansk), henta 27. september 2023