Folkemord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Folkemord er ei nemning brukt om ein medviten politikk som har som mål å utrydda eller svekkja ei folkegruppe. I Folkemordkonvensjonen frå SN blir dette brotsverket definert som:

«dei handlingane som er nemnde nedanfor gjorde med det for auget å øydeleggja heilt eller delvis ei nasjonal, etnisk, rasemessig eller religiøs gruppe i og for seg:

  • å drepa medlemer av gruppa;
  • å gjera alvorleg lekamleg eller sjeleleg skade på medlemer av gruppa;
  • med vilje å la gruppa bli utsett for levevilkår som tek sikte på å føre til heil eller delvis fysisk øydelegging av gruppa;
  • å påtvinge tiltak som tek sikte på å hindre fødslar innanfor gruppa;
  • med makt å overføre barn frå gruppa til ei anna gruppe.»

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Under den andre verdskrigen laga den polsk-jødiske juristen Raphael Lemkin omgrepet genocid (gresk genos, 'familie', 'stamme' og cide, 'mord'). Folkemord var, ifølge Lemkin, å drepa andre menneske på grunn av kva dei var, for eksempel ut frå trusretning, etnisk tilhøyrsle, seksuell legning eller kjønn, og ikkje på grunn av noko dei hadde gjort.

Etter lang tids interesse for den omdiskuterte armenia-massakren, og det jødiske holocaust som fann stad på hans eiga tid, ville Lemkin laga ein lov som kunne visa at systematiske drap på menneske på grunn av rase, religion eller overtydingar var eit brotsverk verre enn alle andre. Loven skulle hindra slike grufulle handlingar frå å bli gjorde igjen.

I 1948 fekk Lemkin gjennomslag for loven som ein del av folkeretten i SN, og han gjeld den dag i dag. Skyldige i folkemord kunne frå no av dømmast for ein internasjonal domstol. Den internasjonale straffedomstolen i Haag handsamar rettssaker mot personar sikta for mellom anna folkemord.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]