Folkvang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Folkvang er ifølgje strofe 14 i diktet Grimnesmål i Den eldre Edda den niande heimen i gudeverda Åsgard. Her har gudinna Frøya sitt tilhald. Ho rår over kven som skal sitje i salen hennar, og deler kvar dag med guden Odin den flokken av menn som vert drepne i krig.