Åsgard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Åsgard (norrønt Ásgarðr) er i norrøn mytologi staden som gudane eller æsene bygde til seg sjølv, midt i Midgard. Menneska skulle ikkje kjenna seg åleine og forlatne. Her budde òg disene eller åsynjene.

Åsgard er ei stor gudeborg, med tjukke murar. For å koma dit må ein ri over regnbogen, eller Bivrost- brua. Kring Midgard vart det reist sterke borgverk. Utanom herjar mørke krefter. I Utgard og Jotunheim, bur jotnar og troll. Slik er alt skipa: lik årringar i tre. Og ytst på alle kantar er det store verdshavet. I verdshavet bur Midgardsormen.

Midt i Åsgard har gudane sett eit asketre, Yggdrasil. Ei av røtene ligg i Åsgard, ei anna i Jotunheim, ei tredje i Nivlheim. Greinene strekkjer seg så langt ut at dei femner kring heile verda. Yggdrasil er sentrum i verda, og så lenge treet er grønt og frodig vil ho vera til.

Ved ei kjelde i Åsgard lever det tre lagnadsdisene. Namna på desse er Urd, Verdande og Skuld. Dei vert kalla norner. Nornene kjenner lagnaden til kvar levande skapnad og veit korleis det vil gå med alt og alle.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]