Fon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fon (fleirtyding).

Fon (frå gresk φωνή, 'lyd, røyst') eller språklyd er den minste lydeininga ein kan dela ei språkleg ytring inn i. Til dømes kan dei tre lydane som bokstavane f, o og n står for i «fon» vera språklydar. Den delen av språkvitskapen som er vigd studiet av språklydane, korleis dei blir skapt i taleorgana og dei fysiske eigenskapane deira, blir kalla fonetikk. Læra om funksjonen til språklydane i språket blir kalla fonologi.

Ein fon er ei lydleg realisering av ein allofon. Fleire liknande fonar kan høyra til den same allofonen. Den norske skarre-r-en vert til dømes rekna som éin allofon ([ʁ]), men finst som tre ulike fonar: stemt velar frikativ [ɣ], velar approksimant [ɰ] og ustemt uvular frikativ [ʁ].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]