Foreldingsfrist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Foreldingsfrist er ei avgrensing av kor lenge økonomiske krav og fordringar (i obligasjonsrett), straff eller straffeansvar (i strafferett). Ulike rettssystem og tilhøve har ulike fristar.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I den norske Straffeloven dekkjer 6te Kapitel, «Opphør av straff og andre rettsfølger», forelding innan strafferett.[1]

Foreldringsfristane er i følgje § 67:

  • 2 år når den høgaste lovbestemte straffa er bøter eller fengsel inntil 1 år
  • 5 år når den høgaste lovbestemte straffa er fengsel inntil 4 år
  • 10 år når den høgaste lovbestemte straffa er fengsel inntil 10 år
  • 15 år når ein kan idømma fengsel inntil 15 år
  • 25 år når ein kan idømma fengsel inntil 21 år

Idømt straff som ikkje blir fullbyrda blir forelda ut frå kor lang tid straffa er idømt. Byrjinga av fristtida skjer når dommen om henne er rettskraftig. Straffa blir til dømes forelda etter 5 år for fengselsstraff i inntil 1 år, og etter 30 år for straff i meir enn 20 år.

Den vanlege foreldingsfristen for fordringar er tre år. Nokre fordringar kan ha særskilde fristar, til dømes 10 år for lån, fordringar ein har gjeve ut gjeldsbrev for, pensjonar og underhaldsbidrag. Foreldingsfristen for bankinnskot er minst 30 år sidan siste endring på kontoen. Fristen kan utvidast om den som har ei fordring ikkje veit om, og ikkje kan ventast å ha, kunnskap om henne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lovdata.no – LOV 1902-05-22 nr 10: Almindelig borgerlig Straffelov (Straffeloven). Publisert: 20.05.2005.