Straff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Straff er bruk av makt mot nokon eller noko, påført som gjengjeld for ei gjerd eller haldning som vert rekna som uynskt. Straff kan ta ulike former, men har vanlegvis til føremål at den straffa skal pinast, anten lekamleg eller ved at ein tek noko bort frå han.

Ei straff vert vanlegvis pålagd av nokon som hevdar lovheimla makt over den straffa, som til dømes ein stat over borgarane sine, ein arbeidsgjevar over tilsette, eller ein eigar over husdyr. I dei fleste land og samfunn er denne makta sterkt avgrensa med omfattande reglar som avgjer både kva slags gjerningar som er straffbare, kva slags straff som kan utførast og av kven.

Spire Denne rettsvitskapsartikkelen som har med samfunn å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.