Forfengelighetens marked

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forfengelighetens marked
Vanity Fair

Forfattar(ar)William Makepeace Thackeray
Språkengelsk
Sjangersatirisk fiksjon
Utgjeven1848
ForlagPunch
IllustratørWilliam Makepeace Thackeray

Vanity Fair, omsett til bokmål som Forfengelighetens marked, er ein satirisk og realistisk roman av den engelske forfattaren William Thackeray som blei gjeven ut frå 1847 til 1848. Han handlar om to unge kvinner og familiane deira som strevar for å klara seg og gjera det godt i det britiske samfunnet tidleg på 1800-talet, mellom anna under napoleonskrigane.

Romanen kom ut i 20 delar frå januar 1847 til juli 1848 i tidsskriftet Punch. Ho kom ut i bokform i juli 1848 av Bradbury & Evan og i ein revidert versjon 1853.[1] Verket høyrer til dei største klassikarane frå viktoriatida, og er blitt omarbeidd til fleire ulike medium.

Tittelen stammar frå Pilgrim's Progress av John Bunyan, ein kristen allegori frå 1678. I denne boka er «Vanity Fair» ein stoppestad langs pilegrimsvegen: ein marknad utan ende i ein by kalla Vanity, som står for det syndefulle bandet til det verdslege.[2][3] Thackeray nemner ikkje Bunyan i boka eller i breva han skreiv om henne,[4] men han venta at lesarane skulle forstå referansen, slik ein kan sjå i ein artikkel i Times frå 1851 som truleg blei skriven av Thackeray sjølv.[5]

Hovudkarakterar[endre | endre wikiteksten]

  • Amelia «Emmy» Sedley, godhjerta og naiv ung kvinne.
  • Rebecca «Becky» Sharp, intelligent ung kvinne med kunstneriske talent
  • Rawdon Crawley, kavalerioffiser, den yngre av brørne Crawley.
  • Pitt Crawley, den eldre broren toil Rawdon, arvingen til familieeigedommane.
  • Miss Matilda Crawley, velståande eldre kvinne.
  • George Osborne, stilig men bortskjemt ung mann, son av ein velhavande kjøpmann.
  • William Dobbin, kaptein, bestevennen til George Osborne.
  • Joseph Sedley, den eldre broren til Amelia.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Romanen følgjer den fattige, foreldrelause Becky Sharp og den velforsørga kjøpmannsdottera Amelia Sedley, som har vore elevar saman ved Miss Pinkerton's Academy for young ladies. Etter å ha prøvd og feila å få den eldre broren til Amelia til å fri til seg, blir Becky guvernante hjå sir Pitt Crawley. Ho sjarmerer familien Crawley, og gifter seg i løynd med yngstesonen i huset, Rawdon. Då kona til sir Pitt døyr frir han til Becky, som må fortelja om forholdet. Den rike miss Crawley, som tidlegare likte Becky svært godt, nektar å hjelpa dei, og Becky må sørga for at dei framleis kan klara seg.[6]

Familien til Amelia har fått økonomiske vanskar, og George Osborne har brote trulovinga deira. Vennen hans William Dobbin, som i løynd er forelska i Amelia, overtalar han til å gå imot ønsket til faren og likevel gifta seg med Amelia. Faren hans gjer George arvelaus.[6]

Begge para dreg til Belgia, der napoleonskrigane blir utkjempa. Becky og George innleier eit forhold. Etter at George blir drepen i slaget ved Waterloo dreg Amelia og det nyfødde barnet hennar Georgy tilbake til dei utarma foreldra hennar. Becky og Rawdon lever livet i sosieteten i London utan å ha noka kjend inntekt. Medan Becky er likegyldig til sin son, oppdreg Amelia Georgy med kjærleik, men blir nøydd til å gje han frå seg til farfaren på grunn av fattigdom.[6]

Becky og Rawdon skil lag etter at Rawdon finn kona i lag med ein lord Steyne, som har betalt for luksuslivet hennar. Becky slår seg ned på Kontinentet, der ho har eit stadig meir tarveleg liv. Rawdon blir guvernør på Coventry Island, der han døyr av febersjukdom. Dobbin har vendt tilbake frå India etter ti år, og er framleis forelska i Amelia. Ho nektar å gifta seg opp att på grunn av minnet om George, men då ho tilfeldigvis møter Becky, får ho høyra at mannen ho har vore så trufast mot ville vera utru mot henne. Ho vel då å gifta seg med Dobbin.[6]

Becky får ei livsforsikring etter Joseph Sedley, som har døydd under uklare omstende. Ho vender attende til England som ei rik kvinne, men dei tidlegare vennene hennar vil ikkje ha noko med henne å gjera.[7]

Filmatiseringar i utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McCrum, Robert (23. desember 2013). «The 100 best novels: No 14 – Vanity Fair by William Thackeray (1848)». The Guardian (på engelsk). Henta 4. august 2015. 
  2. «The Title of Vanity Fair». Shmoop.com. Henta 2. oktober 2014. 
  3. «The Pilgrim's Progress, By John Bunyan. Summary and Analysis, Part 1, Section 7 – Vanity Fair». Cliff's Notes. Henta 30. oktober 2014. 
  4. Milne 2015, s. 103.
  5. Milne 2015, s. 102.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Birch, Dinah (2009). Birch, Dinah, red. «Vanity Fair». The Oxford Companion to English Literature (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-280687-1. doi:10.1093/acref/9780192806871.001.0001/acref-9780192806871-e-7766?rskey=aujg51&result=5. 
  7. Thackeray, William Makepeace. «Chapter 67». 
Bibliografi