Forlis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Havari», måleri av Claude Joseph Vernet, 1772.
«Den Forønskede Fred» av Trondhjem havarerer utenfor Vestfrisland 1789.
Foto: Digitalt Museum, Trondheim byarkiv (originalmaleri hos hos Sverresborg Trøndelag Folkemuseum)

Forlis (avleidd frå lågtysk og/eller nederlandsk verlieren, verlust, 'tap')[1] er eit sjøfartsuttrykk som viser til det totale tapet av eit skip.

Forlis kan henda på grunn av vind, straum, bølgjer eller uventa grunnar og skjer, gjerne under omstende der mannskapet ikkje heilt har kontroll med styring eller framdrift. Omgrepet vert òg brukt om fatale ulukker som skuldast at skip har gått på ei sjømine.

Uttrykket havari vert ofte brukt om det same, men som regel meir gradert og uten at utfallet alltid er like katastrofalt. Havari er også ei nemning på enkelte større eller mindre uhell og ulukker i veg-, jernbane- og lufttrafikk. Ordet har òg ei spesifikk juridisk tyding.

Nokre av dei større og best kjende forlisa i historia er Titanic-forliset i 1912 og Estoniaforliset i 1994.

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Blant dei faktorane som kan føra til forlis er:

  • Dårleg utforming eller feil i utstyr.
  • Ustabilitet grunna dårleg skipsdesign, feilaktig lagra skipslast, last som endrar posisjon, eller at skipet er overlasta.
  • Feil i navigeringa eller andre menneskelige feil, som fører til kollisjon med andre skip, skjær, isberg eller liknande.
  • Dårleg vêr, storm til havs, vind og mektige bølgjer.
  • Krig, sjørøveri, mytteri, eller sabotasje, inkludert kanonar, torpedoar, sjøminer, bomber og liknande.
  • Brann om bord.
  • Bevisst senking av skipet; bore i senk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «forlis», Bokmålsordboka

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Blumenberg, Hans (1997): Shipwreck with Spectator: Paradigm of a Metaphor for Existence, Cambridge, Massachusetts: MIT Press

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]