Fornyrdislag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Fornyrdislag (frå gammelislandsk fornyrðislag), norrøn versefot. Versa konstruerast slik at kvar tekstline inneheld to trykktunge stavingar. Talet ubetona stavingar varierer. Linene bindast ofte ihop ved hjelp av allitterasjon og stavrim. Vanlegvis blir kortlinene kopla saman to og to til langliner: Ein hovudstav i den andre lina bestemmer bokstavrimet, og forbokstaven på denne takast opp att av (oftast) to støtter i lina før. Opphavleg har versefoten vore ustrofisk, men innan norrøn diktekunst vart han seinare vanlegvis ei åttelina strofe, ofte med to tydelege halvstrofer.

Ordet "fornyrdislag" tyder ordrett gammel versform eller historisk ordregel. Namnet vart framsett av Snorre i Den yngre Edda, men versefoten har røtene sine i eldre norrøn og germansk dikting.

Døme (Voluspå vers 60, Ivar Mortensson-Egnunds attdikting, trykktung staving kursivert, allittererasjon i feit type)

Finnask æsir
á Iðavelli
ok um moldþinur
máttkan dœma
ok minnask þar
á megindóma
ok á Fimbultýs
fornar rúnar.
Hittast æser
Idavollen,
um leide lindorm
dei lenge talar,
legg seg på minne
lagnads-burdar
og Fimbul-tys
forne runer.

Fornyrdislag er eit metrum som brukast mest i episke (forteljande) dikt, til forskjell fra ljodahått, som brukast i Håvamål og andre ikkje-forteljande dikt.