Forså kraftverk

Koordinatar: 66°57′05″N 14°13′31″E / 66.95139°N 14.22528°E / 66.95139; 14.22528
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

66°57′05″N 14°13′31″E / 66.95139°N 14.22528°E / 66.95139; 14.22528

Forså kraftverk
Foto: PeltonMan

Forså kraftverk er eit vasskraftverk i Gildeskål kommune i Nordland. Delar av nedslagsfeltet ligg i Beiarn kommune.

Kraftverket nyttar fallet på 266 meter frå reguleringsmagasinet Namnlausvatnet/Litle Sokumvatnet samt fallet på 314 meter frå Øvre Nævervatnet. Namnlausvatnet/Litle Sokumvatnet er regulert mellom 645 og 637 moh og Øvre Nævervatnet mellom 604 og 580 moh.

Det er installert ein turbin på 12 MW og middels årsproduksjon er på 48 GWh. Samla nedslagsfelt er på 25 km2

Kraftverket er eigd av Norsk Hydro og Salten kraftsamband og starta produksjonen i 1963.

Vatnet vert seinare nytta i Sundsfjord kraftverk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]