Forskar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein forskar er ein person som driv med forsking, og såleis ei brei og generisk nemning på ei rekkje typar vitskaplege stillingar (til dømes professorførsteamanuensis, osb.). Forskar vert òg nytta som ein konkret stillingstittel, vanlegvis om stillingar for personar som utelukkande eller hovudsakleg driv med forsking og som har lite eller inga undervising.

I Noreg vert tittelen forskar nytta i følgjande stillingstitlar, som ofte vert nummerert, der forskar I er det høgaste nivået og tilsvarer professor. Alternative nemningar i parentes og engelske omsetjingar i kursiv.

Nivå Kombinerte forskings- undervisingsstillingar Reine forskarstillingar
Toppstillingar
(professornivå)
Professor (SKO 1013)
(Professor)
Forskar I (forskingsprofessor) (SKO 1183)
(Research Professor)
Førstestillingar Førsteamanuensis (SKO 1011)
(Associate Professor)
Forskar II (seniorforskar) (SKO 1109/1110)
(Senior Researcher)
Mellomstillingar
(universitetslektornivå)
Universitetslektor (SKO 1009)
(Assistant Professor)
Forskar III (SKO 1108)
(Researcher)