Fotballspelaren Espen Johnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Espen Johnsen
Espen Johnsen 2006-05-04.jpg
Fødd 20. desember 1979
Kristiansand
Yrke fotballspelar
Fotballspelaren Espen Johnsen på Commons

Espen Johnsen (fødd 20. desember 1979) er ein norsk tidligere fotballspelar frå Kristiansand, mest kjend for sine prestasjonar på Rosenborg BK og det norske landslaget. Han vart halden for å vere ein dyktig og reaksjonsrask, men også spelemessig ustabil, sisteskanse.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Johnsen var målvakt for Vigør i 1997. Dei neste tre sesongane spelte han for byrivalen IK Start på nivå to og i eliteserien, saman med mellom andre broren Marius Johnsen. Framom 2001-sesongen vart han overført til Rosenborg BK, der han fekk lite speletid dei to fyrste åra. Etter at målvakta Arni Gautur Arason vart overført til Manchester City fekk Johnsen i 2003 sitt gjennombrot både på klubb- og landslag, og vart kåra til årets målvakt (Kniksenprisen). Hausten 2005 gjekk han skadd i eit halvår, og mista plassen som fyrsteval i Rosenborg til Lars Hirschfeld. Sesongane 2007 og -08 spelte Johnsen for Strømsgodset IF, utan å prestere på sitt tidlegare bestenivå. I 2009 var han tilbake i Rosenborg, men kneplager førte til at han la bort fotballen. Han valde i staden å konsentrere seg om medisinstudiar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Johnsen debuterte 22. mai 2003 i ein privatlandskamp mot Finland. Han vart omgåande fyrstemålvakt for Noreg, ein posisjon han hadde i to år. Fram til januar 2006 spelte han 18 landskampar for Noreg, avslutta landslagstida med å tape 0-5 mot USA i ein privatlandskamp på bortebane.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 2003 og 2004 med Rosenborg
  • Cupmeister: 2003 med Rosenborg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]