Frafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Frafjord)

Koordinatar: 58°50′44″N 6°9′45″E

Frafjorden
fjord
Land  Noreg
Kart
Frafjorden
58°50′42″ N 6°10′30″ E
Wikimedia Commons: Frafjorden

Frafjord eller Frafjorden er ein fjordarm av Høgsfjorden i kommunane Gjesdal og Sandnes.[1] Han er den inste delen av Høgsfjorden og strekkjer seg frå Dirdal og inn til bygda Frafjord i Gjesdal, eit stykke på om lag 6 km.

Frafjord inst i Frafjorden
Foto: Falk Lademann

Som den andre sidefjorden til Høgsfjorden, Lysefjorden, har òg Frafjorden bratte sider og nordsida strekkjer seg nesten 700 meter rett til vers. Her ligg Stordalsknuten med ei høgd på 692 meter over havet, Sveknuten på 764 moh og Dypingsknuten på 791 moh., like nord for Frafjord. Ved Frafjord munnar Frafjordåna ut i fjorden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]