Sandnes kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandnes kommune
kommune
Aerial view of Sandnes, Norway in 2015.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Sandnes
Areal 1 040,56 km²
 - land 945,05 km²
 - vatn 95,51 km²
Folketal 79 537 (1. januar 2020)
Målform nøytral
Ordførar Stanley Wirak (Ap)
Kommunenr. 1108

Sandnes kommune
58°50′42″ N 5°49′46″ E
NO 1108 Sandnes.svg
Wikimedia Commons: Sandnes
Nettstad: www.sandnes.kommune.no

Sandnes kommune er ein kommune på Nord-Jæren og sørlege Ryfylke i Rogaland fylke. På Jæren grensar Sandnes kommune mot Stavanger og Sola i nordvest, og mot Klepp, Time og Gjesdal i sør. I Ryfylke grensar Sandnes mot Sirdal og Bykle i aust og mot Strand og Hjelmeland kommune i nord.

Kommunen er med sine 000000000079537.000000000079 537 innbyggjarar den ellevte mest folkerike kommunen i Noreg. Gjennom dei siste tjue åra fram til år 2020 har innbyggjartalet i kommunen årleg auka med eit gjennomsnitt på 1,9 %. Byen Sandnes saman med Stavanger gjer ut for tettstaden Stavanger/Sandnes, den tredje mest folkerike tettstaden i Noreg.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sandnes om natta, sett frå Bogafjell (sør for byen). E39 på veg inn mot byen. Stavanger heilt i bakgrunnen

Sandnes si historie kan sporast attende heile 6-7.000 år. Frå 1664 av er det registrert busetnad. I 1860 fekk Sandnes status som kommune (ladestad), og feirar med det 150 års jubileum i 2010. I 1965 vart Sandnes kommune utvida med delar av gamle Hetland kommune, dette galdt Riska sogn og Dale krins. Resten av Hetland kommune gjekk inn i Stavanger. Heile gamle Høyland og Høle kommunar gjekk òg inn i Sandnes.

I samband med kommunereforma 2020 blei Sandnes kommune slått saman med tidlegare Forsand i Ryfylke.[2] Med det fekk kommunen utvida flatevidda frå 304 til 1041 km², og fekk ei grense mot nabofylket Agder.[3]

Sandnes var lenge mest kjend for teglverk- og pottemakarindustri. Byen ligg inst i Gandsfjorden, og leirgrunn finst mest alle stader i byen. På austsida av byen er det mest leirgrunn.

Føretak som har drive med teglstein og pottemakeri heilt opp til nyare tid er Gann Graveren, og Simonsen-familien. I den seinare tid har produksjon av tekstiler og syklar vore viktigare. Føretak som Øglænd og Pioneer sette sitt preg på byen. Cubus vart og starta i Sandnes. I dag er det olje, forsking, data og eit godt forretningsmiljø som pregar byen.

Sandnesgauken[endre | endre wikiteksten]

I kommunevåpenet eller byvåpenet finn ein Sandnesgauken. Ein Sandnesgauk er ein leirgauk, som kan nyttast som eit leiketøy til å spela på. Ved å blåsa i ein Sandnesgauk kan ein laga tre forskjellige tonar, og gaukegalen er særskilt lett å få til. Leirgauken minner òg om ein fugl som står med hovudet under vengen.

Det er sagt at slike gaukar vart delte ut for å skapa blæst om leirprodukt frå Sandnes. Ein person som er frå Sandnes kan kalla seg sandnesar, sandnesbu eller sandnesgauk.[4]

Kjøpesenterkommune[endre | endre wikiteksten]

I Sandnes kommune finn ein store kjøpesenter, både i sentrum og utanfor. Vågen Amfi ligg i ein gamal fabrikk ved kaia i Sandnes, medan Steen & Strøm Kvadrat ligg på Lura i Sandnes nord. Her er det mange slike store butikkar, og fleire føretak.

Kjende sandnesgaukar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ssb.no: Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune.
  2. «Endringer i de regionale inndelingene». Statistisk sentralbyrå. 17. januar 2020. Henta 8. mars 2020. 
  3. «Arealstatistikk for Norge». Kartverket. 20. desember 2019. Henta 8. mars 2020. 
  4. «Sandneser, sandnesbu eller gaug?» i Sandnesposten 24.03.2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]