Gjesdal kommune
Gjesdal kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Adm.senter | Ålgård | ||
Areal | 618 km² | ||
- land | 560 km² | ||
- vatn | 58 km² | ||
Folketal | 12 302 (1. januar 2023) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Frode Fjeldsbø (Ap) | ||
Kommunenr. | 1122 | ||
![]() Gjesdal | |||
Wikimedia Commons: Gjesdal | |||
Nettstad: www.gjesdal.kommune.no | |||
Gjesdal er ein kommune i Rogaland fylke. Gjesdal er rekna å vera ein del av Høg-Jæren. Kommunen grensar i nordvest og nord mot Sandnes, i aust mot Sirdal, i sør mot Bjerkreim, og i vest mot Time.
Gjesdal kommune er ei fjell- og innlandsbygd som ligg i overgangen mellom Jæren og Dalane, om lag 30 km søraust for Stavanger. Arealfordeling: jordbruk: 6 %, produktiv skog: 5 %, ferskvatn: 8 %, anna areal: 81 %. Kommunesenteret Ålgård ligg ved E39, 15 km frå Sandnes. Om lag 75 % av innbyggjarane i kommunen bur på Ålgård.
Lokalavisa for Gjesdal er Gjesdalbuen. «Gjesdalbu» er ei nemning på ein som kjem frå Gjesdal kommune. Gjesdalbuen Finn E. Kydland vart i 2004 tildelt Nobelprisen i økonomi. Kydland voks opp på Søyland, medan mora seinare flytte til kommunesenteret Ålgård.
Den største fossen i Rogaland, Månafossen, finst her, inst i Frafjord.
Folk frå Gjesdal[endre | endre wikiteksten]
- Håvard Rugland (f. 1984), også kjend som «Kickalicious», utøvar av amerikansk fotball