Framtida.no

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Framtida.no er ei nyhende- og debattavis med unge som målgruppe. Ansvarleg redaktør er Espen Udland (2018), og redaktør Svein Olav B. Langåker.

Nettstaden vart starta i 1. september 2010 som eit samarbeid mellom ABC Startsida, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Landslaget for lokalaviser, Magasinett, Pirion og Mot til å meina, og fekk støtte frå Kulturdepartementet dei første åra som ein del av det målpolitiske arbeidet. Eit viktig mål med nettavisa er å styrkja nynorsken. Elles skal Framtida.no vera ein viktig arena for engasjementet til unge og sjå nyhende frå ein ung synsvinkel. Nettstaden er redigert på nynorsk. Fleire lokalaviser, Magasinett og Dag og Tid leverer stoff, men det er òg ein stor del eigenproduserte artiklar. I tillegg er det lagt opp til aktivitet frå brukarane.

I løpet av 2017 var 825.000 brukarar innom Framtida.no. I 2016 var talet 485 000.[1]

Språkfakta 2015 kallar Framtida.no den viktigaste tilveksten til nynorsk nettjournalistikk etter 2000.[2]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Framtida.no ved redaktør Svein Olav B. Langåker fekk 3. februar 2018 tildelt heiderleg omtale av Haugesund journalistlag for ein artikkelserie om song i skulen.[3]

Framtida.no fekk Målprisen 2018 av Hordaland Mållag 17. mars 2018.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Redaksjonell rapport 2017 for Framtida.no». Framtida.no. 
  2. Språkfakta 2015«13 Digitale medium - Ivar Aasen-tunet», www.aasentunet.no (på norsk), henta 24. mars 2018 
  3. «Heider til Framtida.no for song-avsløringar». 
  4. «Framtida fekk Målprisen». Sunnhordland.no. Henta 24. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]