François Bonlieu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
François Bonlieu
Fødd 21. mars 1937
Juvincourt-et-Damary
Død

18. august 1973
Cannes

Yrke alpinist

François Bonlieu (21. mars 193718. august 1973) var ein fransk alpinist frå Juvincourt-et-Damary i Picardie som vart olympisk meister i storslalåm under vinterleikane 1964 i Innsbruck.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Allereie knapt 17 år gammal sette Bonlieu sitt preg på VM i alpine greiner 1954 i Åre. I storslalåmrennet vart han berre slått av norske Stein Eriksen og fekk VM-sølv, elles vart han nummer seks i slalåmtevlinga. Han vart så nummer ni i storslalåm under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo.

Bonlieu kom på delt tredjeplass i storslalåm ved VM i alpine greiner 1958 i Bad Gastein, og vart tildelt ein bronsemedalje. To år seinare enda han på 11. plass i yndlingsøvinga under dei olympiske leikane i Squaw Valley i 1960.

Høgdepunktet for Bonlieu kom under Vinter-OL 1964 i Innsbruck. Arrangørlandet sin Karl Schranz var største favoritten i storslalåm-tevlinga og imponerte stort med 1.47,00. Likevel vart han slått av Bonlieu med 29 hundredels sekund. Dermed stod franskmannen att med den olympiske gullmedaljen.

Sesongane 1958 og 1959 vann Bonlieu fire franske meistertitlar, to i storslalåm og ein i både slalåm og kombinasjonen.

Bonlieu vart drepen under ein krangel i Cannes, 36 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar