François Fillon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
François Fillon
François Fillon 2010.jpg
Fødd4. mars 1954
Le Mans
Statsborgar avFrankrike
PartiUnion pour un mouvement populaire, Rassemblement pour la République, Les Républicains
Yrkepolitikar, advokat, parlamentarisk assistent
Utdanna vedUniversité du Maine
Université Paris-Descartes
château des Perrais
lycée Sainte-Croix
Institut d'études politiques de Paris
MorAnne Fillon
EktefellePenelope Fillon
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
VervStatsminister i Frankrike 2007-2012
FøregangarDominique de Villepin
EtterfylgjarJean-Marc Ayrault

François Fillon (fødd 4. mars 1954) er ein fransk politikar som var statsminister i Frankrike frå 17. mai 2007 til 10. mai 2012.

Fillon vart fødd i Le Mans i departementet Sarthe. Han vart først valt inn i parlamentet for det konservative partiet Union pour un Mouvement Populaire (UMP) i 1981. Han var ordførar i kommunen Sablé-sur-Sarthe frå 1983 til 2001.

Han var statsråd frå 1993 til 1995. I 2002 vendte han tilbake til regjeringa som sosialminister fram til 2004, deretter utdanningsminister til 2005. Deretter vart han sett ut av regjeringa og vart valt som senator for departementet Sarthe. Han var politisk rådgjevar for Nicolas Sarkozy under presidentvalkampen hans. Då Sarkozy vart president utnevnde han Fillon som statsministeren sin.

Fillon er gift med Penelope Kathryn Clarke frå Wales. Dei har fem born.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: François Fillon