Jean-Marc Ayrault

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jean-Marc Ayrault
Jean-Marc Ayrault - mars 2012.jpg
Fødd 25. januar 1950 (69 år)

Maulévrier i Maine-et-Loire

Parti Parti socialiste
Verv Statsminister i Frankrike
 - periode 15. mai 2012-31. mars 2014
 - føregangar François Fillon
 - etterfylgjar Manuel Valls

Jean-Marc Ayrault (fødd 25. januar 1950) er ein fransk politikar som var statsminister i Frankrike frå 15. mai 2012 til 31. mars 2014.[1] Han har vore borgarmeister av Nantes, medlem av den franske nasjonalforsamlinga 1986–2012 og parlamentarisk leiar for sosialistpartiet (PS) 1987–2012.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Jean-Marc Ayrault blei født i 1950 i småbyen Maulévrier i Maine-et-Loire. Far hans var fabrikkarbeidar. Ayrault studerte tysk ved universitetet i Nantes og arbeidde deretter ei tid som tysklærar. Denne utdanningsbakgrunnen skil Ayrault frå mange andre franske toppolitikarar som typisk har utdanning frå eliteskulane Grandes écoles.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Som 27-åring blei han vald til borgarmeister i Nantes-forstaden Saint-Herblain i 1977. Han blei med dette den yngste borgarmeisteren for ein kommune på over 30 000 innbyggjarar. Ayrault blei verande i denne stillinga fram til han i 1989 blei vald til borgarmeister i Nantes. Stadige gjenval gjorde han til den lengst sitjande borgarmeisteren av ein større by i Frankrike fram til han gjekk av 21. juni 2012.[2]

Aurault blei vald inn i den franske nasjonalforsamlinga i 1986, og blei parlamentarisk leiar for det franske sosialistpartiet PS i 1997. Gjennom denne posisjonen fekk han eit nært samarbeid med François Hollande. Under presidentvalkampen til Hollande fungerte Aurault som spesialrådgjevar, med spesielt ansvar for kontakt med parti og politikarar i andre land, særleg Tyskland.

Jean-Marc Ayrault blei utnemnd til statsminister av president François Hollande den 15. mai 2012 og presenterte si regjering 16.mai.[3] Regjeringa hadde 34 ministrar, 16 av dei var plassert under ein annan minister som ministre déléguée. I tillegg til medlemmer frå det franske sosialistpartiet omfatta regjeringa to medlemmer frå venstrepartiet Parti radical de gauche, to medlemmer frå De Grønne og ein medlem utan ordinær partitilknyting. For første gong i fransk historie var halvparten av medlemmene kvinner. Sentrale statsrådar var utanriksminister Laurent Fabius og finansminister Pierre Moscovici. Najat Vallaud-Belkacem blei talsperson for regjeringa. I det første statsrådet blei det vedteke at lønna til presidenten og regjeringa skulle senkast med 30 %.[4]

I det franske parlamentsvalet i juni 2012 blei Jean-Marc Ayrault gjenvald i første runde.[5] I tråd med fast praksis i samband med parlamentsval gjekk Aurault av som statsminister 18. juni 2012. Ettersom sosialistpartiet ved valet hadde oppnådd reint fleirtal i nasjonalforsamlinga blei han straks gjenoppnemnd av president Hollande. Den nye regjeringa som då blei utnemnd hadde fire fleire medlemmer (tre frå sosialistpartiet og ein frå PRG) slik at ho til saman hadde 38 medlemmer, der halvparten var kvinner.[6]

Ayrault gjekk av som statsminister 31. mars 2014 etter tilbakegangen for venstresida i kommunevala. Tidlegare innanriksminister Manuel Valls overtok som statsminister.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]