Francis Bull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Francis Bull
Francis Bull - 1925.jpg
Fødd4. oktober 1887
Christiania
Død4. juli 1974
Hørsholm
NasjonalitetNoreg
Yrkelitteraturhistorikar, professor, historikar, litteraturkritikar, utøvar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien
Det Norske Akademi for Språk og Litteratur
Norsk Kvinnesaksforening

Francis Bull (4. oktober 18874. juli 1974) var ein norsk litteraturhistorikar frå Kristiania.

Han var professor i norsk litteraturhistorie ved Det Kongelige Frederiks Universitet frå 1920 og styreleiar i Gyldendal Norsk Forlag i mange år. Han vart òg kjend for sine fjernsynskåseri på 1960-talet.

Fagleg var hans virksomhet prega av den historisk-biografiske metoden. Bull arbeidde særleg med forfattarar frå «gullalderen», særleg Bjørnstjerne Bjørnson. Eit hovedverk er band 2 av Bull, Paasche og Winsnes: Norsk litteraturhistorie (1929, ny utg. 1958). Han var redaktør av Norges nasjonallitteratur i 40 band i 1968.

Bull var blant skiparane av Det Norske Akademi i 1953.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]