Francis Poulenc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Francis Poulenc
Francis Poulenc and Wanda Landowska (cropped).jpg
Fødd7. januar 1899
FødestadParis
Død30. januar 1963
DødsstadParis
OpphavFrankrike
Sjangeropera, klassisk musikk, kyrkjemusikk
Instrumentpiano
Verka somkomponist, pianist, koreograf, musikar, librettist
PrisarRidder av Æreslegionen, offiser av Æreslegionen

Francis Jean Marcel Poulenc (7. januar 189930. januar 1963) var ein fransk komponist og pianist.

Poulenc var fødd i Paris. Han fikk den første pianoundervisinga av mor si allereie som fireåring, i 1904.[1] Ti år seinare studerte han med den spanske pianisten Ricardo Viñes, som var ein god ven av Claude Debussy og Maurice Ravel. Poulenc hadde suksess i 1917 med Rapsodie Nègre, og han var medlem av den unge franske komponistgruppa «Les Six», som blei danna like etter første verdskrigen. I 1924 oppnådde han vidare åtgaum med balletten Les Biches, som blei uroppført av Sergej Djagilev sitt dansekompani Ballets Russes.

Poulenc er også kjend som korkomponist, både av sakral og profan musikk, gjennom verk som Quatre motets pour un temps de pénitence (Fire pinsemotettar, 1938-39), Quatre motets pour le temps de Noël (Fire julemotettar, 1951-52), Figure humaine (1943) og Un soir de neige (1944).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Francis Poulenc - The official Website – Biography». www.poulenc.fr. Henta 16. desember 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]