Hopp til innhald

Francis Quarles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Francis Quarles

StatsborgarskapKongeriket England
Fødd8. mai 1592
London Borough of Havering
Død

8. september 1644 (52 år)
London

Yrkelyrikar, skribent
FarJames Quarles
MorJoanne Dalton
BornJoanna Smith, John Quarles
Francis Quarles på Commons

Francis Quarles (8. mai 15928. september 1644) var ein engelsk poet som er mest kjend for emblemboka Emblems.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Quarles vart fødd i Romford, i dag London Borough of Havering i grevskapet Essex som eit av dei åtte barna til James Quarles og Joan Dalton. Medlemar av slekta hadde i generasjonar vore i teneste hjå kongen, og faren James hadde fleire postar under Elisabet I og Jakob I. Robert, den eldste broren til Francis, vart slått til riddar av Jakob I.

Frå 1608 studerte Francis Quarles ved Christ’s College ved University of Cambridge. I 1618 gifta han seg med Ursula Woodgate og saman fekk dei atten born. Sonen John Quarles (1624-1665) var òg forfattar.

Det mest kjende verket til Quarles, Emblems, vart første gong publisert i 1635. Boka er utstyrt med groteske illustrasjonar av gravøren William Marshall og andre. Kvart «emblem» er bygd opp av ein parafrase over eit bibelord uttrykt i eit blomstrande språk rikt på metaforar, etterfølgd av skriftord frå dei tidlege kyrkjefedrene og avslutta med eit epigram på fire linjer.

Blant vanlege folk var Emblems svært omtykt, men kritikarar på 1600- og 1700-talet, til dømes Alexander Pope, var nådelause mot Quarles.

Originalutgåver i utval

[endre | endre wikiteksten]
  • A Feast for Wormes. Set forth in a Poeme of the History of Jonah (1620)
  • Job Militant, with Meditations Divine and Moral (1624)
  • Sions Elegies, wept by Jeremie the Prophet
  • Sions Sonets sung by Solomon the King
  • The Historic of Samson (1631)
  • Alphabet of Elegies upon ... Dr Aylmer (1625)
  • Argalus and Parthenia (1629)
  • Divine Fancies digested into Epigrams, Meditations and Observations (1632)
  • Alphabet of Elegies as Divine Poems (1633)
  • Hieroglyphikes of the Life of Man (1638)
  • Memorials Upon the Death of Sir Robert Quarles, Knight (1639); til ære for bror sin
  • Enchyridion, containing Institutions Divine and Moral (1640-41)
  • Observations concerning Princes and States upon Peace and Warre (1642)
  • The Loyal Convert, The Whipper Whipt, og The New Distemper (1644)
Fotnotar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]