Frank Baude

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frank Baude
Frank Baude.jpg
Fødd 16. juli 1936
Majorna
Død

4. februar 2021 (84 år)
Sahlgrenska Universitetssjukhuset

Yrke politikar
Frank Baude på Commons

Frank Baude (fødd i 1936) er ein svensk politikar og forfattar frå bydelen Majorna i Gøteborg. Baude er opphavleg murar av yrke.

Han vart medlem av dåverande Sveriges Kommunistiska Parti (no Vänsterpartiet) i 1960, men forlét partiet i 1967 saman med gruppa som starta Kommunistiska förbundet marxist-leninisterna, KFML. Då KFML vart splitta i 1970 vart han leiar i utbrytarorganisasjonen KFML(r). Organisasjonen bytte namn, først til KPML(r), så til Kommunistiska Partiet. Men Baude sat som leiar i alle år fram til 1998. Ein periode var han innvald i Gøteborgs kommunestyre for organisasjonen. I 1993 var han gjest hjå leiinga i Nord-Korea og rapporterte at Kim Il Sung gjorde «ett sympatiskt och chosefritt intryck» [1]

No er Baude pensjonist. Han skriv enno i avisa til organisasjonen, Proletären.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Fackföreningarna och korporativismen
  • Leve de vilda strejkerna, Proletärkultur (1984)
  • Göteborgsprocessen 1973 (redaktör)
  • Debatten : KFMLr - Frank Baude : VPK - Lars Herlitz
  • Några anteckningar i programfrågan : med utdrag från polemiken mellan KKP och SUKP 1960-1963
  • Telefonavlyssning, åsiktsregistrering, brevcensur : socialdemokratins hemliga polis
  • Borgerlig eller proletär politik : en kritisk granskning av SKP
  • Vad vill VPK?
  • Mordet på Palme och polisspåret : [en vitbok] (redaktør)
  • Mot strömmen – om 30 år i svensk vänsterpolitik, KPML(r), Gøteborg (2000) ISBN 91-7384-052-1

Referanse[endre | endre wikiteksten]

  1. Frank Baude: Mot strömmen – om 30 år i svensk vänsterpolitik, KPML(r), Gøteborg (2000) ISBN 91-7384-052-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Partiet si hjemmeside