Nord-Korea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
조선민주주의인민공화국
Chosŏn Minjujuŭi Inmin Konghwaguk

(norsk: Nord-Korea, nordkoreansk)

Det nordkoreanske flagget Det nordkoreanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Achimŭn pinnara»
Motto Ein er viss på å vinne dersom ein trur og stolar på folket[treng kjelde]
Geografisk plassering av Nord-Korea
Offisielle språk Koreansk
Hovudstad P'yŏngyang
Styresett
Sosialistisk Republikk
Kim Jong-un (de facto)
Kim Il-sung (de jure)
Choe Yong-rim[1]
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
120 538 km² (98.)
0,1 %
Folketal
 – Estimert (2015)
 – Tettleik
 
25 248 140 (50.)
209,5 /km² (43.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Japan
15. august 1945
Nasjonaldag 9. september
BNP
 – Totalt (2014)
 – Per innbyggjar
 
40 000 mill. USD (109.)
1 800 USD (177.)
Valuta Nordkoreansk won
Tidssone UTC +9
Telefonkode +850
Toppnivådomene Ingen, men .kp er reservert

¹ Kim Il-sung er erklært som «president i all æve», så offisielt er han president i landet. Likevel er Kim Jong-un de facto statsoverhovud i Nord-Korea, og er ofte rekna som presidenten i landet.


Den demokratiske folkerepublikken Korea er eit land i Asia. Det grensar til Sør-Korea, Kina, og Russland.

Nord-Korea (eller offisielt Den demokratiske folkerepublikken Korea, (koreansk: Chosŏn Minjujuŭi Inmin Konghwaguk; hangul: 조선민주주의인민공화국), hanja: 朝鮮民主主義人民共和國; ofte forkorta DPRK) opptek den nordlege halvdelen av den koreanske halvøy i austlege Asia. Nord-Korea grensar mot Sør-Korea i sør, og mot Kina og Russland i nord. Nordkoreanarar refererer til sitt eige land som Pukchosŏn («Nord-Chosŏn», 북조선), sjå Korea på koreansk.

Nord-Korea fylgjer Kim Il-sung sin politiske filosofi, Juche (sjølvberging), og sidan 1990-talet òg Kim Jung-il sin eigen Songun-politikk (militæret fyrst). Offisielt held dei val, og etter konstitusjonen i landet respekterer dei menneskerettane. Den politiske makta er plassert hjå Det koreanske arbeidarpartiet. Om lag 200 000 nordkoreanarar sit i konsentrasjonsleirar, der ein og familien i tre generasjonar kan verta fengsla og sett til tvangsarbeid; jamvel for dei mest atterhaldne systemkritiske ytringane.[2] Landet prøver å vera sjølvstendig frå andre land, men har hatt store problem sidan stønaden frå Sovjetunionen fall bort i byrjinga av 1990-talet. Landbruksproduksjonen dekkjer ikkje trongen på mat, og dette har ført til svolt fleire stader i landet. [3] Korrupsjon er utbreidd. [4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Deling av Korea[endre | endre wikiteksten]

Korea var mellom 1905 og 1945 okkupert av Japan. Då Japan kapitulerte, overgav nordkoreanarane seg til Sovjetunionen, medan sørkoreanarane overgav seg til USA. Landet vart delt ved den 38. breiddegrada. I 1947 oppretta kommunistane, leidd av Kim Il-sung, ein kommunistisk stat i nord med Pyongyang som hovudstad. Opprettinga vart gjord gjort med stønad frå det kommunistiske Sovjetunionen og Kina, medan Sør-Korea danna ei mellombels nasjonalforsamling støtta av USA. SN oppmoda til forsoning og sameining av heile Korea.

Berre i Sør-Korea lét SN-godkjende val seg gjennomføra, der høgresida vann. Etter eigne val i Nord-Korea proklamerte Kim Il-sung opprettinga av «Den demokratiske folkerepublikken Korea».

Koreakrigen[endre | endre wikiteksten]

25. juni 1950 åtok og hærtok Nord-Korea det meste av Sør-Korea. Ein FN-styrke vart oppretta under amerikansk leiing og med deltaking av 16 nasjonar, deriblant Noreg, for å slå åtaket attende. Dette var starten på Koreakrigen.

De fyrste månadene av krigen vart utkjempa i eit blodbad langs grensa mellom nord og sør, omtrent på den 38. breiddegrada. SN-styrken tok i oktober 1950 attende byen Seoul og okkuperte Pyongyang. I 1951 strøymde ein kinesisk hær av væpna bønder over grensa og pressa SN-styrken attende. I januar 1951 hadde Nord-Korea teke Seoul og store delar av Nord-Korea. USA byrja ein kraftig offensiv og pressa dei nordkoreanske soldatane attende til den 38. breiddegrada, der frontlina stabiliserte seg i 1953. USA og Nord-Korea forhandla seg fram til ei semje om å danna ei demilitærisert sone langs den 38. breiddegrada som grense mellom Nord- og Sør-Korea. Inga fredsavtale er vorten underteikna, så formelt sett er Nord- og Sør-Korea framleis i krig med kvarandre.

1953-1991[endre | endre wikiteksten]

I 1954 vart ein treårsplan oppretta for å byggja opp att industrien etter krigen. Denne treårsplanen fungerte godt, og ein femårsplan vart oppretta frå 1957 til 1961 og ein sjuårsplan frå 1961 til 1967. Planøkonomien var bygd på at folket sjølv fekk avgjera kor mykje dei skulle produsere. Nord-Korea lente seg mot Sovjetunionen, og presidenten «i all æve», Kim Il-sung, tok avstand frå den store og proletariske kulturrevolusjonen til Mao Zedong.

På 1970-talet innførte Kim Il-sung ein politisk doktrine, kalla Juche. Juche går i hovudsak ut på sjølvforsyning av varer og tenester. Juche er framleis i bruk, og per i dag prøver Nord-Korea å vera sjølvforsynt med mat. Økonomisk vart landet heilt avhengig av stønad frå Sovjetunionen.

Pyongyang vart svært øydelagd under Koreakrigen. Etter krigen vart han bygd opp at som ein utstillingsby i stalinistisk stil. Store byggjeprosjekt vart gjennomførte i åra framover; til dømes byrja dei i 1987 bygging av det som etter planen skulle verta det høgaste hotellet i verda, Ryugyong Hotel, men etter at dei miste finansiering frå Sovjetunionen etter 1991, vart hotellet aldri ferdigbygt.

Tilhøvet til Sør-Korea heldt seg spent heile tida. Attentatforsøk på sørkoreanske statsleiarar i 1968, 1974 og 1983 vart tilskrivne Nord-Korea. Tunnelar frå nord under den demilitariserte sona for ein eventuell invasjonsstyrke vart oppdaga fleire gonger.

Etter 1991[endre | endre wikiteksten]

Med Sovjetunionen si oppløysing i 1991 miste Nord-Korea ein heilt naudsynleg økonomisk stønad, som markerte eit tidsskilje for økonomien. Kim Il-sung sin daude på den 8. juli 1994 hadde liten innverknad på økonomien, men han hadde enorm innverknad på den nordkoreanske propagandaen. Son til Il-sung, Kim Jong-il vart utnemnd til statsoverhovud og overtok styringa av landet.

Den dårlegare økonomiske situasjonen gjorde seg gjeldande i åra frå 1995 til 1998. Då vart Nord-Korea råka av ei omfattande hungersnaud. Nordkoreanske styresmakter stadfeste at over 200 000 av innbyggjarane i landet døydde av svolt i denne perioden. Meir truverdige aktørar og organisasjonar oppgav langt høgare tal; frå 600 000 til 3,5 millionar daude [5]. Nord-Korea vart nøydd til å beda omverda om hjelp, og framleis er landet avhengig av internasjonal hjelp for å fø folket sitt. Ifylgje Amnesty International leid 13 millionar nordkoreanarar av underernæring i 2003.

Som den fyrste sørkoreanske leiaren, vitja Kim Dae-jung i 2000 Nord-Korea og fekk møte Kim Jong-Il. Same haust fekk Kim Dae-jung Nobels fredspris.

Den 9. oktober 2006 testa Nord-Korea atomvåpen i ein underjordisk detonasjon. Dette møtte på kraftig motstand frå SN og store delar av verda (les meir: Nord-Koreas atom- og rakettprogram). Nord-Korea skreiv det same året under på ei avtale med Sør-Korea, USA, Russland, Kina og Japan, der Nord-Korea forplikta seg til å stengja ned Yongbyon-reaktoren i byte mot økonomisk hjelp og energi.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Om lag 23 millionar menneske er busette i landet. I utgangspunktet er Korea eit etnisk og lingvistisk sett ekstremt homogent land med nesten utelukkande koreanarar og med koreansk språk som det einaste offisielle språket. Dette er styrkt av Nord-Korea sin ekstreme isolasjon; Kinesarar, Japanarar og andre utlendingar er ekstreme minoritetar og oftast innom landet på svært korte opphald.

Venta levealder i landet er 64,1 år. Døyingstala på spedborn er oppgjevne som 50,1 per 1000 levandefødde. Fertilitetsraten er 1,94. (Alle tal CIA factbook 2010 [6].)

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Nord-Korea er ein kommunistisk stat med eit lukka, totalitært styresett som er delt inn i ni provinsar og tre andre administrative regionar. Attåt finst dei to direkte styrte byane, hovudstaden Pyongyang og den store grensebyen Rason.

Nord-Korea har eit eittpartistyre. (Arbeidarpartiet i Korea), under leiing av Kim Il Sung, kom til makta i den okkuperte nordlege delen av den koreanske halvøya i 1946. Kim Il-sung vart statsminister i 1947 og president i 1972. Han innførte eit kommunistisk styresett og styrte landet fram til han døydde i 1994. Så lenge Kim Il-sung levde, vart han i alle offisielle samanhengar omtala som «Den store leiaren» og han vert ofte rekna som «Nord-Korea sin president i all æve».

Formelt sett ligg den politiske makta i Nord-Korea hjå folket. Folket utøver makta si gjennom den valde folkeforsamlinga, som berre vert vald inn på dei lågare administrative nivåa. Den øvste forsamlinga har 687 medlemer og vert vald i såkalla «frie val» kvart femte år. Røysteretten vert gjeven ved 17 fylte år. Forsamlinga har offisielt den lovgjevande makta, og ho står fritt til å velja statsoverhovudet og mange andre sentrale politiske leiarar, mellom anna leiaren for kabinettet (statsministeren) og dei øvste domarane for høgsterett. I røynda skjer likevel desse vala etter framlegg som kjem frå Kim Jong Il, som sit på den faktiske makta i landet.

Den utøvande makta ligg hjå kabinettet, som er leidd av statsministeren og fungerer som den folkevalde regjeringa. Dette kabinettet har ansvaret for ei rekkje kommisjonar og ministerium, og kabinettet er formelt ansvarleg overfor den øvste valde folkeforsamlinga. Statsministeren leiar kabinettet sine møte, og fungerer òg som leiar for den nasjonale forsvarskommisjonen.

Det koreanske arbeidarpartiet nominerer, gjennom «Den demokratiske fronten for sameining av fedrelandet», alle personane som stiller som politiske kandidatar og som vert valde inn til den nordkoreanske folkeforsamlinga. Desse vert valde utan motkandidatar fordi det ikkje finst andre lovlege politiske parti, og uavhengige kandidatar har ikkje løyve til å stilla til val, korkje på lokalt plan eller til parlamentet. Difor får dei einaste kandidatane som er tillatne å stilla, enorme røystetal.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Nord-Korea har ein økonomi som er organisert etter stalinistisk modell, og staten kontrollerer meir enn 90 prosent av alt arbeidet. Økonomien i landet er ein av dei mest sentralstyrte og isolerte i verda. 95 prosent av alle varene som finst i landet kjem frå den statsåtte industrien, og jordbruket er organisert i store kollektiv. Nord-Korea eksporterer tekstil, metall og jordbruksprodukt. Viktige importvarer er råolje, kull, transportutstyr og maskiner. Viktige handelspartnerar er Kina, Japan og Russland.

Ettersom landet heile tida har hatt fokus på sjølvforsyning, er både eksporten og importen etter måten liten. Landet vart hardt råka då Sovjetunionen vart oppløyst. Sovjetunionen var den viktigaste handelspartneren til landet, og subsidierte i tillegg Nord-Korea med billeg olje. Energimangelen er i dag eit stort problem for landet, og er den viktigaste årsaka til at industrien sidan 1990 berre er gått for halv kapasitet.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Det er råd å reisa til landet, men krev at ein er saman med av minst éin guide, éin partirepresentant og éin sjåfør. Dette gjeld jamvel om ein fer åleine. Alle, sett bort frå sørkoreanske statsborgarar og journalistar kan fara til Nord-Korea. Tidlegare kunne amerikanske statsborgarar berre vitja Nord-Korea på ferder som inkluderte Arirang Mass Games, men denne regelen er ein gått bort frå. Nord-Korea er det minst vitja turistlandet i verda, og berre om lag 1500 vestlege turistar vitjar landet kvart år, attåt nokre tusen frå ymse land i Asia.

Nord-Koreas atom- og rakettprogram[endre | endre wikiteksten]

Atom- og rakettprogrammet til Nord-Korea er nemninga på det programmet som Nord-Korea har hatt for å utvikla kjernekraft, og truleg atomvåpen i dei seinare åra. Det heile byrja i 1993 då Nord-Korea melde seg ut av Ikkjespreiingsavtalen.

Nord-Korea og USA skreiv i 1994 under på ei avtale der regimet i Pyongyang gjekk med på å frysa og demontera atomvåpenprogrammet sitt, i byte mot internasjonal hjelp til å byggja opp atomreaktorar for elektrisk kraft. I 1998 sende Nord-Korea ein rakett 2000 kilometer over Japan og ned i Stillehavet. USA forhandla fram ei ny avtale om økonomisk hjelp til bygging av atomkraftverk mot at Nord-Korea la ned atomprogrammet. Sidan atomkraftverkhjelpa ikkje var komen etter 2 år, og den tidlegare presidenten George W. Bush stogga kontakt i vanlege relasjonar, tok Nord-Korea opp att atomprogrammet.

Etter internasjonal fordømming vart atomprogrammet på nytt lagt på is, og i 2007 er ifylgje IAEA alle dei fem reaktorane i Nord-Korea stengde.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]