Frans Äimä
Frans Äimä | |
![]() | |
Fødd | 27. august 1875 Kalajoki |
---|---|
Død | 14. mai 1936 Helsingfors |
Nasjonalitet | Finland |
Område | fonetikk |
Yrke | lingvist |
Institusjonar | Helsingfors universitet |
Alma mater | Helsingfors universitet |
Frans Äimä (fødd 27. august 1875 i Kalajoki, død 14. mai 1936 i Helsingfors) var ein finsk fonetikar og språkforskar, som er mest kjend for arbeida sine om enaresamisk.
Äimä doktorerte i 1914 med avhandlinga Phoenetik und lautlehre des Inarilappischen, og vart same året dosent i finsk samisk og samisk lydlære ved Helsingfors universitet.
Äimä var ein føregangsmann for innføringa av eksperimentell fonetikk i Finland. Som språkforskar var han elev av E. N. Setälä, og det språkhistoriske arbeidet hans er prega av Setälä sine teoriar, og dermed ikkje lese i dag. Arbeidet hans med enaresamisk har dermed hatt varig verdi. Eit opphald på seks månader i Enare i 1900-1901, og seinare kortare reiser i 1926, 1929 og 1931 resulterte i ei ordsamling på rundt 10000 ord, som utgjorde stammen i det som skulle bli Erkki Itkonen og Lea Laitinen si Inarilappisches Wörterbuch.