Frauenchiemsee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Klokketårnet på Frauenchiemsee
Frauenchiemsee om vinteren

Frauenchiemsee (ofte kalla Fraueninsel) er den nest største av tre øyar i Chiemsee i Tyskland. Ho høyrer til kommunen Chiemsee i landkreis Rosenheim i Oberbayern, som er den minste kommunen i heile Bayern. Øya er 15,5 ha (0,155 km²) og om lag 300 innbyggjarar bur fast på denne bilfrie øya.

Øya er tilgjengeleg med båt året rundt, vanlegvis frå Gstadt eller Prien, men òg frå andre stader rundt Chiemsee og Herreninsel.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Frauenchiemsee

Koordinatar: 47°52′N 12°26′E