Freden i Knærød

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Freden i Knærød (svensk Knäred) markerte avslutninga på Kalmarkrigen. Fredsforhandlingane mellom Sverige og Danmark-Noreg kom i stand på engelsk initiativ og representantane for dei to partane møttest den 29. november 1612 på ei grensebru i nærleiken av Knærød i det som den gongen var dansk Halland.

Christian IV av Pieter Isaacsz
Gustav II Adolf

Vilkår[endre | endre wikiteksten]

Ved fredsavtala vart freden i Stettin 1570 stadfest. I tillegg vart det avtalt at:

Sverige skulle:

  1. gje attende Jemtland og Herjedalen,
  2. seie frå seg krava på Soneburg slott (estisk: Maasi ordulinnus) på Øsel.

Danmark skulle:

  1. gje attende Borgholm, Kalmar og Øland.
  2. halde på Elfsborg med Nye og Gamle Lödöse og Göteborg og dessutan Ale, Askims, Bollebygda, Flundre, Hisings, Säfvedals og Vätle herad med alle inntekter og avgifter som pant for ei krigsskadeerstatning på 1 million riksdalar, som skulle betalast innan 6 år (noko den svenske kongen klarte). Det vart vidare slått fast at det dansk-norske kongen hadde rett til å herske over og krevje inn skatt frå sjøsamane ved Vesterhavet, mellom Titisfjord (Tysfjorden) og Varangerfjorden.[1]

Begge landa skulle ha rett til å nytta dei tre kronene som våpen, likevel utan å kunna gjera krav på landområde tilhøyrande motparten. Alle undersåttar skulle få handla fritt med kvarandre over grensene, og Sverige skulle ikkje betala til Øresundstollen.

Stein til minne om fredsavtalen i Sjöared i Halland.

Underskriving[endre | endre wikiteksten]

Allereie den 20. januar 1613 kunne fredsavtalen bli underteikna. Freden vart garantert av kong Jakob av England og Skottland. Det danske brevet er datert i Knærød, det svenske i Ulfsbäck, som låg cirka 10 km frå grensa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gustavus Adolphus - Foreign Policy», History Learning Site (på engelsk), henta 12. oktober 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]