Frederik Mosling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frederik Mosling
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. desember 1792
Død

22. desember 1839 (47 år)

Frederik Christian Hegdorn Matheson Mosling (19. desember 179222. desember 1839) var ein norsk offiser og stortingsmann frå Børsa. Abraham Mosling var bror hans.

Mosling var son til ein proprietær. Sjølv gjekk han inn i hæren og var offiser i trondhjemske infanteriregiment frå 1812. I 1823 vart han forfremja til premierløytnant og i 1839 til kaptein og sjef i den trondhjemske brigade.

Mosling vart vald til stortingsrepresentant frå Søndre Trondhjems amt på tre valting og møtte på stortinga 1830, 1833 og 1839. Han var i 1830 sekretær i «trykningskomiteen» og medlem i Matrikkellovkomiteen, sekretær i sistnemnde i 1833. Både i 1833 og 1839 var han medlem i Militærkomiteen. I 1838 var han den fyrste ordføraren i Børsa.

Han levde ugift og døydde i 1839, 47 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]