Tallak Lindstøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tallak Lindstøl
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. januar 1857
Søndeled
Død

14. april 1925 (68 år)

Yrke politikar, skribent
Språk norsk
Politisk parti Venstre
Far Ole Torjesen Lindstøl

Tallak Olsen Lindstøl (fødd 30. januar 1857 på Lindstøl i Søndeled, død 14. april 1925)[1] var ein norsk lærar, bankmann, lensmann, statistikar, forfattar og stortingsrepresentant frå Venstre.[2] Han var òg ordførar i Søndeled herredsstyre.[2] Han var son av Ole Torjeson Lindstøl, som òg var stortingsrepresentant.[3]Tallak Lindstøl er særleg kjend for sine stortingsbiografiar.

Tallak Lindstøl vart seminarist frå Holt seminar i 1877. Han var lærar åra 1877-81 og ved Risør folkeskule i 1883. Tida 1883-93 arbeidde han som kopist i Statistisk sentralbyrå. Frå 1893 var han kasserar i Søndeled Sparebank, frå 1900 også lensmann i Søndeled.

Han var medlem av heradsstyret i Søndeled frå 1896, dei fyrste fem åra var han ordførar. Lindstøl var stortingsmann for Venstre og Nedenes amt 1900-03 og for Holt krins 1910-15. I den fyrste valperioden var han medlem av vegkomiteen, 1910-12 av budsjettkomiteen, nestformann i same 1913-15. I siste valperioden var han også medlem av valkomiteen.

Lindstøl gav ut fleire arbeid bygt over statistisk materiale, mest kjende er hans oversikter over stortingsrepresentantane 1814-92 og 1814-1914. Elles skreiv han om fleire ulike historiske tilhøve.

Han døydde i Søndeled av «hjerneslag» i 1925.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Mandtallet 1701
  • Stortingsrepræsentanter 1814-92
  • Stamtavler østre Nedenes (1882)
  • Den første kommunalstatistik for 1901 (1902)
  • Statistisk haandbok om Nedenes amt 1891-1902 (1905)
  • Stortinget og statsrådet 1814-1914 (1914)

Bibliografiliste iflg. Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Tallak Lindstøl:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Referansar
  1. Gravsøk hos DIS-Norge (13. oktober 2012)
  2. 2,0 2,1 2,2 Biografisk informasjon om Tallak Lindstøl NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
  3. Ole Torjesen Lindstøl frå Salmonsen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]