Freie Universität Berlin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Freie Universität Berlin

Freie Universität Berlin (FU) er eit av fire universitet i Berlin i Tyskland. Det ligg i bydelen Dahlem i den vestlege delen av byen. Universitetet vart grunnlagd av politiske årsaker i 1948. Namnet har sin bakgrunn i den kalde krigen. Humboldt-universitetet hadde hamna i den sovjetokkuperte delen av byen, og ein trong derfor eit nytt universitet i det frie Vest-Berlin. Danninga av universitetet kom som direkte følgje av kommunistane si forfølgjing av studentar i Aust-Berlin. På 1980-talet utvikla det seg til eit masseuniversitet, og studenttalet var ved gjenforeininga over 60 000. Som følgje av reduserte studieplassar ved Freie Universität, og at Humboldt-universitetet igjen vart tilgjengeleg, er talet på studentar no redusert til 42 700 studentar.

Botanischer Garten Berlin høyrer til universitetet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Freie Universität Berlin