Freie Universität Berlin
Freie Universität Berlin | |||
| |||
| |||
Motto | Veritas, Iustitia, Libertas | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 4. desember 1948 | ||
Rektor | Günter Ziegler | ||
Stad | Berlin | ||
Studentar | 37 908 (2022) | ||
Tilsette | 7 856 (2022) | ||
Medlemskap | arXiv, ORCID | ||
Nettstad | https://www.fu-berlin.de/ (tysk, engelsk) | ||
Freie Universität Berlin 52°27′11″N 13°17′26″E / 52.453055555556°N 13.290555555556°E |
Freie Universität Berlin (FU) er eit av fire universitet i Berlin i Tyskland. Det ligg i bydelen Dahlem i den vestlege delen av byen.
Universitetet vart grunnlagd av politiske årsaker i 1948. Namnet har sin bakgrunn i den kalde krigen. Humboldt-universitetet hadde hamna i den sovjetokkuperte delen av byen, og ein trong derfor eit nytt universitet i det frie Vest-Berlin. Danninga av universitetet kom som direkte følgje av kommunistane si forfølgjing av studentar i Aust-Berlin. På 1980-talet utvikla det seg til eit masseuniversitet, og studenttalet var ved gjenforeininga over 60 000. Som følgje av reduserte studieplassar ved Freie Universität, og at Humboldt-universitetet igjen vart tilgjengeleg, er talet på studentar no redusert til 42 700 studentar.
Botanischer Garten Berlin høyrer til universitetet.