Frida Amundsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frida Amundsen
Fødd9. september 1992
FødestadVaksdal i Hordaland i Noreg
AliasFrida Amundsen
OpphavNoreg
InstrumentVokal
PlateselskapEMI
Verka somSongar og låtskrivar

Frida Waage Amundsen (fødd 9. september 1992 i Vaksdal) er ein norsk songar og låtskrivar. Hausten 2009 signerte ho ein kontrakt med EMI, og debutalbumet September Blue vart gjeven ut i 2012. Debutsingelen «Closer» var gjeven ut 20. mai 2011, og vart spelt mykje på norsk radio. Songen er skriven og produsert av Lars K. Hustoft frå Crystal of Air Music og av Yngve Highland. Amundsen har sidan klatra på listene i Tyskland, Italia, Austerrike, Sveits, Sverige, Finland og Danmark.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Selecția Națională 2014[endre | endre wikiteksten]

Amundsen deltok med singelen «Miracle» i Selecția Națională 2014, den rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen er skriven av Frida Amundsen, Ovidiu Cernăuțeanu, Phillip Halloun og Victor Forberg Skogberg, og vart framførd på engelsk av Paula Seling og Ovidiu Cernăuțeanu under aliaset Paula Seling og Ovi. Bidraget vann tevliga med 22 poeng, tolv frå juryen og ti frå fjernsynssjåarane.

Eurovision Song Contest 2014[endre | endre wikiteksten]

Etter sigeren i Selecția Națională 2014 vart det kjent at Amundsen vil representere Romania i Eurovision Song Contest 2014. Bidraget vil verte framførd i den andre semifinalen 8. mai 2014.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]