Frostkjensle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Frostkjensle, også kalla frysingar, gysingar og grøssingar, er ei kjensle av kulde som kan oppstå ved høg feber. Symptomet er svært vanleg og treng ikkje skuldast sjukdom. Ved feber skuldast frostkjensla frigjering av cytokin og prostaglandin, som del av ein betennelsesrespons der hypotalamus aukar settpunktet for kroppstemperaturen. Det høgna settpunktet fører til at kroppstemperaturen stig (pyreksi), samstundes som ein kjenner seg kald eller kjølig fram til det nye settpunktet er nådd. Skjelving oppstår ofte saman med frostkjensla fordi kroppen skaper varme gjennom muskelsamantrekking i eit forsøk på å auke kroppstemperaturen etter det nye settpunktet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.