Fuaigh Beag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fuaigh Beag eller Vuia Be(a)g er ei øy i Ytre Hebridane i Skottland. Ho ligg vest for Lewis nær Great Bernera i Loch Roag. Namnet tyder «vesle Fuaigh», samanlikna med Fuaigh Mòr («store Fuaigh») som ligg i nærleiken.

Namnet «Fuaigh» kjem frå eit norrønt namn.

Innbyggjarane på Fuaigh Beag vart tvungne bort frå øya i 1827 og ho har sidan den gong stått folketom.[1]. Berggrunnen på øya består av gneis[1]

Det ligg mange skjer og holmar nær øya, som Geile Sgeir, Garbh Eilean, Eilean nam Feannag, Linngeam, Cliatasay, Gousam og Floday.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.

Koordinatar: 58°11′46″N 6°53′55″W