Fuaigh Mòr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fuaigh Mòr
Fuaigh Mòr - geograph.org.uk - 1442013.jpg
Geografi
Fuaigh Mòr is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°13′ N 6°53′ WKoordinatar: 58°13′ N 6°53′ W
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 0,84 km²

Høgaste punkt Mullach na Beinne (67 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Fuaigh Mòr eller Vuia Mòr er ei øy i Ytre Hebridane i Skottland. Ho ligg vest for Lewis nær Great Bernera i Loch Roag. Øya er 84 hektar stor og det høgaste punktet ligg 67 meter over havet.

Ruinar av hus og ei mølle på austsida av øya.
Ruinar av hus.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1841 vart Vuia Mòr råka av Highland clearances, då folk vart tvinga vekk frå øya. I følgje ei soge skulle personen som fekk ansvaret for å drive folk bort ha flytta til Ontario i Canada seinare i livet sitt, men enda her opp som ein fattig landstrykar. Då han bad om mat i Ontario kom han på døra til ein av personane han hadde drive bort frå Vuia Mòr, men kjende ikkje personen att i starten. Landstrykaren skal ha fått mat, før han vart minna om kven han fekk mat av.[1]

Øya står i dag utan folk og vert berre nytta som beite for sauer.

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Berggrunnen på Fuaigh Mòr er gneis.[1]

Øya er forma som ein L. Det finst nokre grotter nord på øya. På vestsida finn ein fleire klipper, som Creag na h-Iolaire. Det ligg fleire skjer og holmar rundt øya, som Geile Sgeir, Garbh Eilean, Eilean nam Feannag, Linngeam, Cliatasay, Grousam og Floday og Vuia Beag. Eunay Mòr ligg mellom øya og Great Bernera.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.