Hopp til innhald

Fukuoka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fukuoka
by
Land  Japan
Areal 340 030 000 km²
Folketal 1 603 043 (1. september 2020)[1]
Kart
Fukuoka
33°35′25″N 130°24′06″E / 33.590138888889°N 130.40172222222°E / 33.590138888889; 130.40172222222
Wikimedia Commons: Fukuoka, Fukuoka

Fukuoka er ein storby i Japan, hovudstad i eit prefektur med namn etter byen.[2] Byen ligg ved Hakatabukta på nordvestkysten av Kyushu-øya og har 1 639 832 ibuarar (2023).[2] I storbyomrpådet kring Fukuoka bur det 5,11 millionar menneske.[2]

Fukuoka er den største byen på Kyushu og den femte mest folkerike i Japan.[2] Nest etter Yokohama er han den største hamnebyen i landet, der det vert utskipa kol, maskinar, porselen, papirvarer, trevarer og mjøl.[2] Næringslivet i byen omfattar kjemisk, grafisk, elektronisk, næringsmiddel-, tekstil-, papir-, bomulls- og metallindustri.[2] Fukuoka er elles eit regionalt kultur- og handelssenter med universitet, fleire høgskular, museum og kulturattraksjonar.[2]

I bydelen Hakata er ei internasjonal lufthamn, jarnbanestasjon med høghastigheitstog og hamn for hydrofoilbåt som går til Busan i Sør-Korea.[2]

  1. «福岡県 人口移動調査 第1表 市区町村別人口 - データセット - 自治体オープンデータのCKAN» (på japansk). Arkivert frå originalen 5. oktober 2022. Henta 23. februar 2023.
  2. 1 2 3 4 5 6 7 8 Gundersen, Daniel; Skatvik, Frida (2023-08-23). «Fukuoka». Store norske leksikon (på norsk). Fri gjenbruk.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Fukuoka