Funchal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Funchal
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Portugal
Region Madeira
Distrikt Madeira
Del av Sites of Globalization
Grunnlagd 1421
Kart
Funchal
32°39′0″ N 16°55′0″ W
Wikimedia Commons: Funchal
Nettstad: www.cm-funchal.pt

Funchal er den største byen og hovudstaden på Madeira i Portugal. Byen har om lag 100 000 innbyggjarar og med nabokommunane dekkjer området 150 000 innbyggjarar. Han vart grunnlagd av João Gonçalves Zarco i 1421 og fekk bystatus av kong Manuel I i 1508.

I dag er Funchal ein moderne by som ligg i eit unikt område. Landskapet rundt dannar eit slags «amfiteater» kring byen, som startar ved hamna og stig nesten 1200 meter opp åssidene. Landskapet dannar eit naturleg vern omkring byen og trekte til seg dei første nybyggjarane.

Byen har eit folketal på 105 795,[1] noko som gjer han til den sjette største byen i Portugal. Det høge kulturelle og historiske verdien til byen gjer Funchal til ein av hovudattraksjonane for turisme i Portugal; han er også populær som reisemål for nyttårsaftan, og er den viktigaste portugisiske hamna for cruiseskip.[2]

Funchal har vore hovudstad på Madeira i meir enn 500 år og skal ha fått namnet sitt på grunn av dei store mengdene fenikkel (funcho på portugisisk) som veks der.[3][4]

« Funchal, som kaptein gav dette namnet fordi han blei grunnlagd i ein vakker skogdekt dal, full av fenikkel til havet ... »

Gaspar Frutuoso, 1500-talet, As Saudades da Terra

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Promenade i Sørvest-Funchal

Funchal ligg i ein naturleg amfiteater-forma dal, med slake skråningar som byrja ved kysten og stig opp til 1200 meter. Dalen danna naturleg ly for tidlegare busetjarar.

Selvagensøyane, som ligg 160 km sør for Funchal, er ein del av Funchal kommune. Dei er verna som naturreservat.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Funchal har subtropisk middelhavsklima (Köppen-klassifisering Csa) med jamne temperaturar heile året. Klimaet kan delast inn i tre hovudårstider: Ei varm og tørr årstid frå mai til september med gjennomsnittlege daglege makstemperaturar frå 22 til 26 °C, ei varm og våt årstid frå oktober til november gjennomsnittlege daglege makstemperaturar frå 25 til 23 °C og ei litt kjøligare, fuktig årstid frå desember til april med gjennomsnittlege daglege makstemperaturar frå 20 til 21 °C. Luftfukta er konstant høg på rundt 70 %. Havtemperaturane varierer frå 18 °C i februar–mars til 24 °C i august–oktober.[5]

Sidan høgdenivået til byen stig frå havnivå til 800 meter i dei nordlege skråningane, er det ganske vanleg å ha skydekke, skodde og regn i dei nordlege forstadane medan ein har skyfri himmel i sør. Temperaturane er også ofte litt lågare i dei høgare delane av byen.

Tidleg på sommaren, særleg i juni , førekjem det ofte eit fenomen med eit vedvarande skydekke over heile byområdet ved bukta, tilsvarande den såkalla June Gloom i California. Det lokale kallenamnet på fenomenet er «hjelmen til Funchal». Lengda og mengda på nedbøren i regntida variere mykje frå år til år.

Vêrdata for Funchal observatorium, 1981-2010, høgd 58 meter
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 25,5 27 30,5 32,6 34,2 34,7 37,7 38,5 38,4 34,1 29,5 26,5 38,5
Gjennomsnittleg maks °C 19,7 19,7 20,4 20,6 21,6 23,4 25,1 26,4 26,4 24,9 22,6 20,7 22,6
Døgnmiddeltemperatur °C 16,7 16,6 17,2 17,5 18,6 20,6 22,2 23,2 23,2 21,8 19,6 17,9 19,6
Gjennomsnittleg min °C 13,7 13,4 13,9 14,4 15,6 17,7 19,2 20 20 18,6 16,6 15 16,5
Lågast målte °C 8,2 7,4 8,1 9,8 9,7 13,2 14,6 16,4 16,6 13,4 9,8 9,4 7,4
Gjennomsnittleg nedbør mm 74,1 83 60,2 44 28,9 7,2 1,6 2 32,9 89,5 88,8 115 627,2
Gns. nedbørsdagar (≥ 0.1 mm) 12 10 9 8 6 3 1 2 6 9 10 13 87
Gns. luftfukt (%) 71 70 68 68 70 73 73 72 71 71 70 70 71
Gns. solskinstimar i månaden 160,9 166,8 197,7 194,8 208,6 194 232,5 236,7 210,8 194,3 165,9 151,1 2 314,1
Pst. av mogleg solskin 50 54 53 50 48 45 55 57 57 55 53 49 52
Gjennomsnittleg UV-indeks 4 5,9 8 9,7 10,4 11 10,8 10,1 8,6 7,2 4,7 3,4 7,8
Kjelde 1: Instituto Português do Mar e da Atmosfera[6] (average daily max UV recorded in 2015-2020)[7][8]
Kjelde 2: NOAA (humidity 1961–1990),[9] German Meteorological Service (sunshine 1991-2020)[10][11]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Domkyrkja i Funchal (Sé domkyrkje) frå 1400-talet

Busetnaden byrja rundt 1424, då øya blei delt inn i to kapteinområde. Det som kom til å bli bykjerna av Funchal blei grunnlagt av João Gonçalves Zarco, som slo seg ned der med medlemmar i familien sin. Den geografiske plasseringa til staden gjorde at han blei ei viktig hamn, og den produktive jorda her trekte til seg nye busetjarar. Kystnære området var dei mest produktive, og gjorde at Funchal raskt kunne utvikla seg til ein større busetnad enn dei andre på øya. Vinkulturen utvikla seg tidleg på staden, med støtte frå Henrik Sjøfararen.

Tidleg på 1400-talet var Álvaro Fernandes kommandant i Funchal. Mellom 1452 og 1454 fekk staden eit fyrtårn og fekk statusen vila og administrasjonsstad. I siste halvdelen av hundreåret utvikla sukkerindustrien seg kraftig langs sørkysten, frå Machico til Fajã da Ovelha, med Funchal som det viktigaste senteret for verksemda. Mot slutten av hundreåret gav Manuel, hertugen av Beja og etterkvart kongen av Portugal, utvida støtte til lokalsamfunnet. Han gav ordre om å bygga dei administrative Paços do Concelho og Paços dos Tabeliães (fullført i 1491), ei kyrkje (byrja i 1493 og opphøgd til domkyrkje i 1514), og eit sjukehuse og tollhus på busetnaden. I 1508 fekk han status som by av kong Manuel, og i 1514, då domkyrkja stod ferdig, blei Funchal bispeset.

Utsyn over Funchal-bukta i 1936

1500-talet var Funchal ein viktig stoppestad mellom India og Den nye verda og var kjend som ein velståande stad. Ein transporterte òg ut sukker og madeiravin herfrå.

Øya, og særleg Funchal, var sårbare for kaper- og sjørøvaråtak. I september 1566 drog franske korsarar under kommando av Bertrand de Montluc, frå hoffet til Karl IX av Frankrike og son av feltmarskalken Blaise de Montluc, frå Bordeaux med ein styrke på 1200 mann, på ein liten flåte på tre hovudskip og åtte støttefartøy. Armadaen raida Porto Santo. Då nyheitene spreidde seg til busetjingane på Madeira og villaene i Machico og Santa Cruz, væpna innbyggjarane seg. Guvernøren i Funchal, Francisco de Sales Gonçalves Zarco da Câmara, gjorde ingen framstøyt. Armadaen ankra opp utanfor stranda til Formosa, og 800 mann marsjerte mot byen i tre kolonnar. Dei møtte ingen motstand før hovudbrua i São Paulo. Ved brua møtte kaperane ein styrke frå det vesle fortet, med nokre småkaliber-våpen, som raskt blei spreidd i forvirring. Ved vegen nær Carreira blei angriparane konfronterte av ei lita gruppe fransiskanarar, som dei også raskt kom seg forbi. Festningsverket til Funchal blei til slutt angripe frå land, der forsvaret var tynt; forsvararane klarte ikkje eingong å snu mange av kanonane som var retta mot havet. Byen blei ransaka og lagd i ruinar gjennom femten dagar.

Året etter blei militærarkitekten Mateus Fernandes III sendt til Funchal for å modifisera forsvarssystemet til byen fullstendig. Arkitekten laga Mapa de Mateus Fernandes (1573), som blir rekna som det eldste kartet over Funchal.[12] Dokumentet identifiserer dei viktigaste forsvarsverka til byen, som inkluderte eit stort festningsverk i området rundt diket i Pena.

Frå 1580 til 1640 var byen under spansk kontroll. Britane hadde kontroll her i 1801 og frå 1807 til 1814.[13]

Tannstongbanen Monte opererte mellom den nedre delen av byen og Monte frå 1886 til 1943.

Tidleg på 1900-talet var Funchal ein kjend vinterkurstad. I 1964 blei det bygd ei lufthamn her, som opna for moderne turisttrafikk.[13]

Byen sett frå den botaniske hagen

Transport[endre | endre wikiteksten]

Byen har to gondolbanar, ein går frå nedre delar av byen opp til bydelen Monte, og ein som går mellom Monte og den botaniske hagen.[14]

Frå Monte er det mogleg å skli ned dei bratte vegane til Livramento i ein korgkjelke med hjul,[14] ein transportmåte som går tilbake til midten av 1800-talet.[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Funchal: Resultados Provisórios». Instituto Nacional de Estatística. Henta 14. januar 2022. 
  2. «Archived copy» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 12. januar 2015. Henta 10. april 2014. 
  3. Frutuoso, G.; de Azevedo, A.R. (1873), As Saudades da terra (på portugisisk), Typ. funchalense, s. 39 
  4. «Funchal. I Origem do nome» (PDF). nesos.madeira-edu.pt. Arkivert frå originalen (PDF) 30. oktober 2021. Henta 30. oktober 2021. 
  5. «Funchal Sea Temperature». seatemperature.org. Henta October 19, 2020. 
  6. «Weather Information for Funchal». Arkivert frå originalen 13 November 2012. 
  7. «Índice Ultravioleta, na Estação Meteorológica Funchal / Observatório - 2015-2020». Direção Regional de Estatística da Madeira. Henta 10 January 2022. [daud lenkje]
  8. «Série retrospetiva da informação meteorológica (1976-2019)». Direção Regional de Estatística da Madeira. Henta 19. desember 2021. 
  9. «Funchal Climate Normals 1961–1990». National Oceanic and Atmospheric Administration. Henta 10 March 2017. 
  10. «Monthly Averages for Funchal». DwD. 
  11. «Monthly Averages for Funchal». DwD. 
  12. «Cidade do Funchal e a sua Evolução Espacial». Arkivert frå originalen 7 juni 2007. 
  13. 13,0 13,1 Sundland, Kjersti (16. desember 2020). «Funchal». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  14. 14,0 14,1 «Madeira:Cable Car-Funchal-Monte-Botanical Garden», www.madeira-a-z.com, henta 12. juli 2022 
  15. Mad, Selmo (2. oktober 2013), Carros de Cesto - The medium transport oldest Madeira (på engelsk), henta 12. juli 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Funchal