Furespissmus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Furespissmus
Hispaniolan Solenodon crop.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Infraklasse: Placentale pattedyr Eutheria
Orden: Spissmusdyr Soricomorpha
Familie: Solenodontidae
Slekt: Furespissmus Solenodon
Brandt, 1833

Furespissmus, almiquiar eller solenodontar (Solenodontidae) er ein pattedyrfamilie i ordenen insektetarar, med berre éi slekt, som har same namn (latin: Solenodon). Storleiken er om lag som ein katt. Karakteristisk er ein lang og slank snute som minner om spissmusene sin. Ho skil ut eit giftig sekret frå spyttkjertlane. Pelsfargen varierer frå gråspraglete til nesten svart og brun, med ein firkanta kvit flekk i nakken. Dei har naken hud fleire stader på kroppen, på føtene, på halen og rundt halerota og analopninga. Halen er lang og skjelkledd.

Ein utstoppa haitialmiqui.

Dei vert rekna som primitive insektetarar. Den systematiske plasseringa har variert: tidlegare meinte ein at dei var i slekt med børstepiggsvin, men i dag vert dei plasserte nærmare spissmusene. Det finst i dag berre to gjenlevande artar, haitialmiquien, Solenodon paradoxus, på Hispaniola og cubaalmiquien, S. cubanus, på Cuba. Begge er trege og langsame dyr som lever av frukt, insekt og små virveldyr. Etter innføringa av små rovdyr har furespissmuspopulasjonane gått sterkt tilbake og er no truga av utrydding.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]