Fuscherkarkopf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fuscherkarkopf
fjell
Fuscherkarkopf heilt til høgre sett frå Ferleiten i Fuscher Tal.
Land  Austerrike
Fjellkjede Hohe Tauern
Høgd 3 331 moh.
Primærfaktor 490 m ↓  Fuscherkar-Scharte
Sekundærfaktor 3,53 km → Hohe Dock
Koordinatar 47°5′59″N 12°44′41″E / 47.09972°N 12.74472°E / 47.09972; 12.74472
Førstestiging Gregor Maier
 - dato 1840-åra
Kart
Fuscherkarkopf
47°05′57″N 12°44′42″E / 47.099108°N 12.745033°E / 47.099108; 12.745033
Wikimedia Commons: Fuscherkarkopf

Fuscherkarkopf er ein av to toppar på Glocknergruppa i Midtre Tauernhauptkamm i Hohe Tauern, eit fjellområde i Dei sentrale Alpane. Hovudtoppen når 3 331 meter over havet, medan nordvesttoppen er 3 252 moh. Dei to ligg om lag 500 meter frå einannan, mellom dei går ei bredekt, nedsvinga egg. Fjellet ligg på grensa mellom Kärnten og Salzburg i Austerrike.

Markante eggar går mot nordvest og vest, dei dannar høgste fjellkammen i massivet. Mot søraust går ein mektig fjellrygg, der søraustegga på Fuscherkarkopf tek til. Nordvesttoppen har ein veldig, i kring 650 meter høg vestvegg, som tidlegare var dekt av is. I dag er isen vekke og der er mest berre lause bergblokker.

Frå fjellhytta Hofmannshütte er toppen av Fuscherkarkopf lett å nå over sørvestegga. Frå toppen har ein vid og flott utsikt, særleg mot Großglockner og Pasterze.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]