Hopp til innhald

Hohe Tauern

Glockner-massivet, sett frå nord
Venediger-massivet
Hochalmspitze i Ankogel-massivet
Schober-massivet

Hohe Tauern er den høgaste fjellkjeda i Alpane aust for Brennerpasset. og inneheld dei høgaste fjella i Austerrike. Ho går gjennom dei austerrikske forbundslanda Salzburg, Kärnten og Tirol, i tillegg til delar av Sør-Tyrol i Italia.

Kjeda grensar til Salzach-dalen i nord (med Kitzbühelalpane på andre sida) Mura-dalen og Murtörl-passet i aust (som skil Hohe Tauern frå Niedere Tauern), Drava-dalen i sør (med Dei sørlege kalksteinsalpane på andre sida), og Birnlücke-passet i vest (med Zillertalalpane på andre sida).

Dei viktigaste områda er (frå vest til aust):

Områda i Hohe Tauern som ligg sør for hovudkjeda i Alpane er:

Namnet «Hohe Tauern» tydde opphavleg «høge fjellovergangar», men vart brukt om sjølve fjella då ein dreiv med gruvedrift her i Mellomalderen.

I sentrum av området ligg nasjonalparken Hohe Tauern. Området er 1 800 km² og er den største av seks nasjonalparkar i Austerrike. Han er delt inn i ein kjernesone (der bygg- og anleggsverksemd er totalforbode) og ei randsone som vert nytta til skogbruk og setrar.

Turismen har berre auka minimalt etter at nasjonalparken vart oppretta, men har vorte mindre skadeleg på omgivnadane. Då ein oppretta nasjonalparken var det lagt vekt på at den tradisjonelle levemåten i området skulle bevarast.

Fjelltoppar

[endre | endre wikiteksten]
Großglockner
Großvenediger, sett frå Zugspitze i nordvest
Hochgall, sett frå nord

Dei høgste fjelltoppane i Hohe Tauern er:

FjelltoppOmrådeHøgd FjelltoppOmrådeHøgd
GroßglocknerGlockner3 798 HochalmspitzeAnkogel3 360
GlocknerwandGlockner3 721 Schneebiger NockRieserferner3 358
GroßvenedigerVenediger3 657 Hohe DockGlockner3 348
Großes WiesbachhornGlockner3 564 FuscherkarkopfGlockner3 331
RainerhornVenediger3 559 GroßelendkopfAnkogel3 317
DreiherrnspitzeVenediger3 499 WeißspitzeVenediger3 300
RötspitzeVenediger3 496 KeeskogelVenediger3 291
SimonyspitzeVenediger3 473 SchlieferspitzeVenediger3 290
SchneewinkelkopfGlockner3 472 PetzeckSchober3 283
KleinvenedigerVenediger3 468 Rote KnopfSchober3 281
JohannisbergGlockner3 453 WildgallRieserferner3 273
HochgallRieserferner3 436 MagersteinRieserferner3 273
KlockerinGlockner3 422 HocharnGoldberg3 254
Hintere BratschenkopfGlockner3 413 AnkogelAnkogel3 252
DaberspitzeVenediger3 402 Große HornkopfSchober3 251
Große BärenkopfGlockner3 396 Hohe FürlegVenediger3 243
Hohe EichhamVenediger3 371 HochschoberSchober3 240
Hohe TennGlockner3 368 LenksteinRieserferner3 236
MalhamspitzeVenediger3 368 Große MuntanitzGranatspitz3 232
Große GeigerVenediger3 360 KitzsteinhornGlockner3 204

47°10′N 12°30′E / 47.167°N 12.500°E / 47.167; 12.500