Fylkesmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fylkesmannen (fylkesmannsembetet) er ein embetsmann som på vegner av den norske staten utøver dei høgste sivile forvaltingsoppgåvene i eit fylke. Fylkesmannen vert tilsett av regjeringa, og som regjeringa sin fremste representant i fylket skal han sjå til at stortingsvedtak og regjeringsvedtak vert gjennomførde i fylket.

Fylkesmannen sin administrasjon har oppgåver med tilsyn mellom anna innan miljøvern (fylkesmannens miljøvernavdeling) og landbruk (fylkesmannens landbruksavdeling). Fylkesmannen skal òg kontrollere kommunale budsjett og låneopptak i kommunane, og skal vidare handsame klager på kommunale vedtak.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Fylkesmannsembetet har røter attende til ordninga med sysselmenn i mellomalderen. I 1662, under eineveldet i Danmark-Noreg, vart len og syssel avløyste av amt, og dermed oppstod amsnemninga. I 1919 skifta så amta namn til fylke, og amtmannen vart til fylkesmann.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]